Kan Rogaland bli ystefylke?

Tolv ysteentusiastar har i fire dagar fordjupa seg i mjølk og ysteteknikk, og har dermed teke første steget mot eigen foredling av mjølk.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.01.2017

Dei har lært å separere og syrne mjølk, å lage kvitost, kremost, fatost, rømme, yoghurt, smør, og å salte og modne ost. Læremeistar har vore Lise Brunborg frå Stavanger ysteri.

- Eg ynskjer fleire ystarar velkomen, seier sjefsystar Lise Brunborg. Ho meiner at jo fleire dei er, jo meir interesse skapar dei for bruk av lokale råvarer og lokale ysteteknikkar.

Marknaden er drivaren og forbrukarane etterspør stadig meir mangfald, og vi har nok av råvarer. Det betyr at det er mogleg å produsere og selje meir ost og andre mjølkeprodukt. Import av meieriprodukt til Noreg tilsvarer 200 millionar liter mjølk. Med fleire lokale kvalitetsprodukt kan vi redusere importen og skape fleire lokale arbeidsplassar.

- Turistane til Lysefjorden og Preikestolen etterspør lokale produkt, seier bonde Torbjørn Norland frå Heia på Strandalandet. Her er det potensiale, og det vurderer han å gjere noko med.

Mjølk i bøtter og spann

Rogaland har eit glimrande utgangspunkt for mjølkeproduksjon med mykje grasmark og beiter. Her blir det produsert 300 millionar liter mjølk, noko som utgjer 20 % av landet sin mjølkeproduksjon. I følgje Norsk gardsost, ein landsdekkande organisasjon for norske handverksysteri og gardsmeieri, er det ca 100 produsentar som sel ost i Noreg. Her er medrekna sal frå setrar og litt større meieri som til dømes Valdresmeieriet. I Rogaland finns det 7 produsentar, altså 7 %. Det er for lågt og det er målsetting om å auke dette talet betydeleg.

Lære med å gjere

- Først må vi bygge kompetanse, og det gjer vi med å arrangere inspirasjonssamlingar og ystekurs. Det meiner arrangør Aase Vorre Skuland, Kompetansenettverket for lokal mat, som frydar seg over det sterke ysteengasjementet.

Målet er å tilføre kunnskap og overføre erfaringar til bønder og andre ysteinteresserte slik at dei blir betre rusta til å gå i gang med ysting.

Neste steg for deltakarane er eit modulkurs i to delar som omhandlar lokal foredling og omsetnad av mjølk. Kursa går normalt føre seg i Aurland. Der har dei lang erfaring med ysting og kompetansebygging.

Parallelt med kunnskapsbygging må deltakarane utvikle konsept og lage forretnings- og investeringsplan for eige ysteri.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.