Statsbudsjett med fokus på grøntsektoren og skogbruksnæringa

Godt døme på grønsaksproduksjon.
Godt døme på grønsaksproduksjon. (Foto: Annabell Pfluger)

I statsbudsjettet for 2020 kjem det fram at det er ein auke på 5 % i løyvingane under Landbruks- og matdepartementet, til i alt 20,4 milliardar kroner.

Statsbudsjettet blei lagt fram 8. oktober. Det er ikkje store overraskingar når det gjeld landbruket, då det meste av dette er avklart gjennom jordbruksavtalen.

Ekstra satsing på skogbruket

Det blir også ved dette høvet peika på skogen som ein viktig del av løysinga på klimautfordringane. Ekstra kjekt at vi i Rogland også kan sjå resultat av denne satsinga, eksempelvis med ny tømmerkai i Eigersund.

Klimatiltak

Under tema klima er det framheva at det bli viktig å tilpasse matproduksjonen til endring i klima, og her er det auke i midlar til forskning. Det blir elles vist til klimaavtalen mellom regjeringa og landbruksnæringa som blei signert i juni 2019.

Pelsdyr

Når det gjeld erstatningsordninga for pelsdyr blir det vist til høyringsforslaget til forskrift, og høyringsprosessen som har vore. Det er elles opplyst at «vidare oppfølging vil skje gjennom ei kontinuerleg og systematisk vurdering av den utmålte kompensasjonen».

Rogaland må vere med i satsing på grøntsektoren

Det blir framheva at årets jordbruksavtale inneber ei sterk satsing på grøntsektoren og korn. Målet er å møte auken i etterspørselen med mest mogleg norskprodusert vare. Satsinga inneheld tiltak for innovasjon og vekst i grøntsektoren, som mellom anna auke i investeringstilskott. Her har Rogaland eit potensiale, og vi vil ha fokus på dette i vårt mobiliseringsarbeid i 2020.

 

Elles finn du informasjon på Landbruk- og matdepartementet si nettside.