Fylkesmannen avslo konsesjon for erverv av gardsbruk

Hjelmeland kommune gav konsesjon for erverv av gardsbruk i Vormedalen. Omsynet til drifta og ressursforvaltninga tilseier at eigaren må bu på garden frå ervervstidspunktet. Fylkesmannen gjorde derfor om kommunen sitt vedtak om konsesjon med utsett buplikt.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.12.2018

Den aktuelle eigedomen har ein total storleik på rundt 3140 dekar med blant anna 119 dekar fulldyrka jord og 86 dekar med innmarksbeite. Gardsbruket har i tillegg betydelege skogressursar. Konsesjonssøkar eig eit mindre gardsbruk om lag 20 kilometer unna på Askvik der han bur i dag. Intensjonen var å vidareføre dagens gardsdrift i Vormedalen med stell av jorda, sauehald og uttak av skog, samt å investere i gardsdrifta og styrke driftsgrunnlaget for framtida. Kommunen sa ja til konsesjon for erverv av eigedomen i Vormedalen med vilkår om tilflytting innen 5 år.

Eigarar som sjølv bur på eit gardsbruk, har betre moglegheit til å drifte og ivareta ressursane på eigedomen. Det gjeld særleg i ei sak som den aktuelle, der eigedomen i Vormedalen har eit relativt robust ressursgrunnlag som legg til rette for aktiv og lønnsam landbruksdrift. Omsynet til ressursforvaltninga tilseier at slike landbrukseigedommar, som har gode føresetnader for å halde fram som sjølvstendige bruk og buplassar, bør busettast av eigaren. Fylkesmannen gjorde derfor om kommunen sitt vedtak som innebar utsetting av buplikt med 5 år, men har ikkje merknadar til at søkar får konsesjon dersom det blir stilt vilkår om at han flytter til den aktuelle eigedomen frå ervervstidspunktet.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.