Eit nytt friskt pust på landbruksavdelinga

I haust og minst 6 månadar fram i tid kan de treffe Margit Reiersen på Landbruksavdelinga. Reiersen skal mellom anna mobilisere for fleire vipe-tiltak i jordbruket, og kartlegge utfordringane for mjølkeproduksjon i Vindafjord og Suldal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.10.2019

Mange har allereie fått ein hyggeleg telefon frå Margit, og fleire skal det bli. Ho kjem til å følgje opp bøndene som har meldt interesse for å vere med på vipe-ordninga i regionalt miljøprogram. I tillegg skal ho gjennomføre ei spørreundersøking blant bøndene i Vindafjord og Suldal kommune i samband med lausdriftkravet frå 2034 i mjølkeproduksjon.

Reiersen er nyutdanna biolog frå Universitetet i Bergen. Masteroppgåva skreiv ho om berekraftig landbruk i Nordhordland. Då besøkte ho mange bønder og intervjua dei om deira syn på berekraftig landbruk. God kjennskap til landbruket har ho og fått etter mange år som avløysar. Vi er glade for å få engasjerte Margit med på laget.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.