Vellukka gjennomført kurs i landbruksrett

Landbruksforvaltninga frå fem fylke var på kurs i landbruksjuridiske emne i Bergen førre veke. Kurset gav fordjuping i mellom anna jord-, konsesjons-, forvaltningslova og avtalerett.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.04.2018

Kurset er eit tilbod til landbruksforvaltninga frå fylka Aust- og Vest Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn- og Fjordane. Alle fylka var godt representerte, med til saman 40 deltakarar. Frå Rogaland var Klepp, Forsand, Tysvær, Haugesund, Karmøy og Fylkesmannen si landbruksavdeling representert. Kurset har gått over to samlingar på tre dagar i Bergen. Tar du eksamen får du 10 studiepoeng.

Sju år sidan førre kurs

Førre kurs var hausten 2011. Sidan då har det vore stor etterspurnad etter eit nytt kurs. I 2011 var Universitet i Agder vertar, denne gongen var det Norges miljø- og biovitenskaplege universitet (NMBU) som var hovudarrangør. Einar Bergsholm frå NMBU har vore kursansvaleg og han har henta inn forelesarar frå NMBU, juridisk fakultet ved UiO, Landbruksdirektoratet, Fylkesmannen i Aust- og vest Agder og advokat frå eit privat firma som er spesialist innan landbruksrett og plan- og bygningslova.

Eit nyttig kurs som gir eit bredt perspektiv

Kursdeltakar Elisabeth Vårlid, arbeider i landbruksavdelinga i Klepp kommune. Ho har master i husdyrfag frå NMBU og har arbeidd i kommunen i over 10 år. Avdelinga har om lag 3,6 årsverk der alle jobbar med meir eller mindre landbruksrelaterte oppgåver. Kvardagen er samansett og spannande med oppgåver mellom anna innanfor jord-, konsesjonslovsvurderingar, produksjonstilskot og andre tilskotsordningar, vurdering av byggetiltak, plassering, omfang og om tiltaket er innanfor landbruksformålet, ho bidreg og til landbruksrelaterte saker behandla etter plan- og bygningslova. Det var ikkje jus-fag inkludert i utdanninga. Elisabeth fortel at kurset har gitt nyttig påfyll til jus-kunnskapane, og at kurset ikkje ville gitt like mykje utbytte utan erfaringa ho har frå landbruksforvaltninga.

Kurset har både gitt eit breiare perspektiv som vil hjelpa i meir kompliserte saker der jussen ikkje er eintydig. Ingen saker er like, og vurderingane kokast ofte ned til ei konkret vurdering i kvar enkelt sak. Ho kan heller ikkje nekta for at dei har motteke fleire komplekse enkeltsaker med åra. Jusskunnskap vil gje eit godt bakteppe inn i vurderingane.


Nyttig treffpunkt for deltakarane

Kurset har samla fleire instansar, og det hjelper oss til å forstå kvarandre sin kvardag og perspektiv betre. Utfordringane frå kommunane er ulike. Frå kommunar som slit med nedgang i folketal  med sterk vekt på busettingsomsyn, utbyggingspress, til problematikken knytt til landbruk og fritidsbustader, fallrettar og anna. Kursansvarleg professor Einar Bergsholm seier at han truleg har lært like mykje, om ikkje meir på nokre emne, enn deltakarane gjennom døme og gode spørsmål under kursdagane.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar