Tilskot til direktesal av frukt, bær og grønt

Sel du jordbær eller anna frukt, bær eller grønt direkte til kunden? Då må du hugsa å få dokumentasjon på salet dersom du skal søka om tilskot til direktesal!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.06.2018

Frå og med 2018 kan du søka om tilskot til sal av frukt, bær og grønt direkte til kunden. For å få tilskot, må du kunna dokumentera salet! Salsvedlegget må visa tal kilovare som er selt.

Søknadsfristen er 15. oktober, men sal etter denne datoen kan etterregistrerast fram til og med 10. januar året etter. Du kan også søka om tilskot til direktesal av omarbeida vare. Les meir om kva det kan søkast tilskot til, og kven som kan søka på Landbruksdirektoratet sine nettsider.
Her finn du meir informasjon om krav til salsvedlegget.  

Ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar