Sentral forvaltning av kartdata i kommunane

Det er endringar på gang når det gjeld forvaltning av felles kartdatabase, gardskart og jordregister.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.01.2018

Sentralisering av felles kartdatabase

Felles kartdatabase (FKB) er ei samling datasett som utgjer mykje av grunnlaget for kartfestinga av eit område; høgdekurver, bygg, infrastruktur og vatn, i tillegg til arealressursar (AR5). Data blir levert og forvalta av Geovekst, og koordinert av Kartverket. Forvaltninga av FKB skal sentraliserast, slik at data skal vere enklare å forvalte, og enno meir oppdaterte. Overgangen involverer systemleverandørane, IT-avdelinga i kommunen, og blir koordinert av kartverket. Så langt har 3 kommunar i Rogaland gått over til sentral lagring av FKBdata, og etter planen skal 11 til gå over i løpet av 2018. Norconsult er enno ikkje ferdig med si forvaltningsløysing, men elles har innføringa gått greitt i dei 3 kommunane som har gått over.

Ajourhald av AR5

Kommunane bør nytte overgangen til å gjennomgå interne rutinar for ajourhald, og slik sikre at kvaliteten på kartdata blir best mogleg. Når det gjeld kurs i ajourhald av AR5, vil det bli ei endring ved overgangen til sentral FKB. Overgang til sentral base og mangel på lokal installasjon og lisens, gjer det vanskeleg å halde samla kurs med laptop, som vi har pleidd. NIBIO ser på korleis kursing i programvare best kan løysast framover. Vi vil sette opp feltkurs for AR5 før sommaren (i juni) , sannsynlegvis i sørfylket.

Ny løysning for jordregister i februar

NIBIO jobbar og med ei ny produksjonsløype for jordregister. Dei viktigaste endringane er at berekningane i basen er dei same for både jordregister og gardskart. Løysinga vil bli tilgjengeleg i februar, og NIBIO vil sende ut meir informasjon om tidspunkt for oppdatering av arealtal i landbruksregisteret. Det blir ikkje innlesing av arealtal i Landbruksregisteret i februar i år.

Elles minner vi om at det no blir berekna ein reduksjon i godtgjersla for ajourføring av AR5, der bygg i matrikkelen blir liggande på dyrka mark grunna manglande oppdatering.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.