Seminar: Nye innbyggjarar gir verdiskaping og nye moglegheiter

28. september inviterer Distriktssenteret og IMDi til eit nasjonalt seminar om inkludering av innvandrarar i arbeidsliv og samfunn. Arrangementet er retta mot ordførarar, rådmenn, kommunale leiarar og fagpersonar som jobbar med feltet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.08.2016

Seminaret blir arrangert i Stjørdal, som er ved Trondheim lufthamn Værnes. Distriktssenteret er eit offentleg kompetansesenter for disktriktsutvikling. Saman med IMDi har dei laga eit nasjonalt kunnskapsseminar om korleis flyktiningane kan gi verdiskaping og nye moglegheiter for distriktskommunane. Dette er eit viktig tema, og vi vonar at også landbruksnæringa og støtteapparatet rundt vil bli godt representerte. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.