Oppføring av hus på landbrukseigedomar

Ulike saker har gjort oss merksame på at det er forskjellig praksis i saksbehandlinga til kommunane knytt til oppføring av hus på landbrukseigedomar. Vi ønsker difor å orientere om rammeverket for vurderingane kommunane skal ta etter plan- og bygningslova.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.02.2018

Kva seier plan- og bygningslova og forarbeida om nødvendige tiltak for landbruket?

Plan- og bygningslova § 11-7. nr. 5 bokstav a seier at det i LNF-område i utgangspunktet kunn er tillat å føre opp «nødvendige tiltak for landbruk». I forarbeida til lova i Ot.prp nr. 32 (2007-2008)side 215  er det meir informasjon om kva nødvendige tiltak for landbruket er. Der står det mellom anna: «Bokstav a omfatter areal for landbruk, natur og friluftsliv og reindrift der det bare er tillatt å oppføre bygninger eller iverksette anlegg eller andre tiltak som er nødvendige for drift av næringsmessig landbruk..»


Oppføring av bustad

For oppføring av bustad er det nærmare presisert i rettleiaren Garden som ressurs frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) og Landbruks- og matdepartementet (LMD). Der står det på side 9 at vånings- og kårbustader er omfatta av LNF-føremålet viss bygningen er nødvendig av omsyn til drifta av garden. Fylkesmannen vil understreke at det ikkje er ein automatisk rett å få føre opp bustadhus på landbrukseigedomar. Om eit hus er eit nødvendig landbruksbygg etter plan- og bygningslova må vurderast konkret frå sak til sak der både aktuell drift og eigedomen sitt ressursgrunnlag er relevante vurderingstema. I visse tilfelle kan kommunen då kome fram til at våningshus ikkje er nødvendig avomsyn til drifta. Sjølv på større bruk skal kommunen vurdere det faktiske behovet, og buplikt er ikkje eit moment åleine. Ved oppføring av kårbustad gjeld dei same vurderingane som ved våningshus. Vi syner i denne samanheng også til Landbruks- og matdepartementet sitt rundskriv M-1/2013 s. 12 om jordlova kor det står: «Samtykke til å oppføre kårbolig bør bare gis når det ikke er tvil om at kårbolig er nødvendig av hensyn til driften av eiendommen». Sjølv om rundskrivet er direkte knyta til jordlova, har det overføringsverdi til plan- og bygningslovsvurderinga.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.