Nytt styre i 4H set demokratiet i fokus

Sist helg var det årsmøtet i 4H Rogaland. Nesten 200 engasjerte ungdomar i salen og mange gode innlegg, lover godt for eit aktivt 4H-år!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.03.2018

- Vi er klar for eit nytt år med 4H-aktivitetar, Landsleir på Øksnevad og planlegging av nye spennande prosjekt, seier styreleiar Torbjørn Joa (20 år). Han har nå tatt attval og ser fram til andre periode som leiar for 36 klubbar og 1440 4H-medlemmer frå Rogaland.

- Det er som å vere på «nivå 2». Nå veit eg kva som ventar, og kan tenkje mykje lenger fram enn i fjor, fortel han engasjert. Torbjørn kjem frå Sola, og har vore aktiv i Skjalg 4H sidan han var liten gut.

- I 4H har eg lært utruleg mykje om svært mange forskjellige tema, men aller mest om organisasjonsarbeid, leiarskap, demokrati og samarbeid.

Dette året skal Torbjørn og resten av styret arrangere Landsleir for 1500 ungdomar frå heile landet på Øksnevad. Samstundes utarbeider styret nye mål for organisasjonen.

-Vi ønskjer å knyte mykje sterkare band mellom klubbane og fylkesleddet. Ein tett og god dialog vil styrke demokratiet, samt gjere tiltaka som fylket set i gong mykje betre, seier Torbjørn.

Desse er valg inn i nytt styre:

Leiar Torbjørn Joa Skjalg 4H Sola
Styremedlem Mari Aksdal Hermansen Skjalg 4H Sola
Styremedlem Anne Siri Goa Sandve Solglimt 4H
Styremedlem Johanna Veim Hettervik RAA/Vilje 4H Tysvær
Styremedlem Magne Helleren Skogstjerna 4H Ualand
1 vara Tiril Horpestad Fram 4H Horpestad
2 vara Roar Nedrebø RAA Ålgård
3 vara Sven Følgesvold Fjellbygdå 4H Sandnes


Ta gjerne kontakt med styret

Regionleiar: Synnøve Jørgensen: 960 96 773, synnove.jorgensen@4h.no
Nyvald leiar i 4H Rogaland Torbjørn Joa: 949 80 366 , mailto:leder.rogaland@4h.no

 

Tekst/ foto: 4H Rogaland

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.