Fjerning av konsesjonslova er negativt for landbruket

Fylkesmannen i Rogaland rår frå oppheving av konsesjonslova og føresegna i odelslova som gjeld buplikt. Fylkesmannen meiner framlegget verken vil bidra til auka rekruttering til landbruket eller til auka matproduksjon.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.01.2015

Fylkesmannen meiner at høyringsforslaget ikkje i tilstrekkeleg grad har utgreidd og opplyst kva konsekvensar forslaget har for måla i landbrukspolitikken om auka matproduksjon, styrka rekruttering til landbruket og å ta heile landet i bruk.

- Landbruksareal er ein avgrensa ressurs i Norge. Det forutset ei samfunnsmessig rett forvaltning. Konsesjonslova sikrar korleis ein gard kan brukast. Buplikta sikrar sterk tilknyting til eigaren, med det ansvaret som ligg i det å bu på ein gard, seier fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.

Kan føra til prispress

Den private eigedomsretten vil styrkast og omsetninga av landbrukseigedomar vil med forslaget truleg stiga, men då til prisar og føremål som ikkje bidrar til å styrka landbruket. Fylkesmannen har stor respekt for den private eigedomsretten, og dermed retten til å rå over eigen eigedom, men dette omsynet må haldast opp mot andre viktige samfunnsinteresser. Arealgrunnlaget og utnyttinga av dette for landbruksproduksjon er eit fellesgode, og ein ressurs for heile samfunnet og kommande generasjonar.

Fylkesmannen si uttale finn du i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Aktuelt

Konsesjon betyr løyve til erverv av fast eigedom, og reglane om konsesjon står i konsesjonslova. Lova har som føremål å regulere og kontrollere omsetnad av fast eigedom for å oppnå eit effektivt vern om landbruket sine produksjonsareal og slike eigar- og brukstilhøve som er mest gagnlege for samfunnet.

Buplikt betyr at nokon må bu på ein eigedom. Det kan vere buplikt på landbrukseigedomar, og på andre eigedomar. I nokre tilfelle fylgjer det av lova at det er buplikt. I andre tilfelle kan kommunen bestemme at det er buplikt på ein eigedom, anten ved forskrift, eller i den einskilde sak.