Forslag om endringar i jord- og konsesjonslovgivinga er lagt fram for Stortinget

Regjeringa føreslår fleire endringar i konsesjonslova, jordlova og odelslova. Stortinget må behandla forslaga før eventuelle endringar blir gjort gjeldande.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.04.2017

Stortinget behandla Landbruks- og matdepartementet sitt forslag om endringar i konsesjonslova (oppheving av priskontrollen) i februar 2016. Under denne behandlinga bad Stortinget regjeringa om å kome tilbake til Stortinget med ein rekkje forslag. Regjeringa følgjer med dette opp oppmodinga frå Stortinget.

Føreslåtte endringar

Regjeringa føreslår at:

  1. Arealgrensene for konsesjonsplikt, lovbestemt buplikt og odel blir heva frå 25 til 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord.
  2. Reglane om priskontroll blir endra slik at skogeigedommar utan jordbruksareal (reine skogeigedommar) blir unntatt frå priskontroll ved konsesjonsbehandlinga.
  3. Reglane om priskontroll ved erverv av «bebygde» eigedommar med både jord og skog blir endra, slik at det som avgjerande for om det er priskontroll er om eigedommen har over 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord.
  4. Ved overdraging av tilleggsjord og -skog til tilgrensande eigedom kan ervervet vere unntatt delings- og konsesjonsbehandling der visse vilkår er oppfylt.
  5. Frådeling av «ubebygd» tomt til bustad, fritidsbustad eller naust på under 2 dekar og utan jordbruksareal, blir unntatt frå delingsbehandling etter jordlova og unntak frå konsesjonsplikt.
  6. Vilkåret om at ein må leige jordbruksarealet bort som tilleggsjord til anna landbrukseigedom for å oppfylle driveplikt ved bortleige, blir oppheva.
  7. Endeleg vedtak om tilbakebetaling av tilskot blir tvangsgrunnlag for utlegg.

Verknad av heving av arealgrensa i Rogaland

Forslag nr. 1 inneberer at om lag 300 eigedommar vil bli unntatt konsesjonsplikt i Rogaland. Vidare inneberer det at om lag 800 eigedommar vil vere fritatt for den lovbestemte buplikta, og om lag 900 eigedommar ikkje vil kunne bli tatt på odel. Oversikt over tal eigedommar unntatt konsesjonsplikt og lovbestemt buplikt i kvar einskild kommune kan du finne i vår tidlegare nettartikkel.

Har tatt bort fleire forslag

Landbruks- og matdepartementet foreslo fleire endringar i høyringsnotatet frå juni 2016 enn det som regjeringa legg fram for Stortinget no. Dei har dermed lytta til nokre av innvendingane høyringsinstanser, deriblant oss, hadde.

Høyringsforslaga som ikkje blir fremma til Stortinget er:

  • Arealgrense for priskontroll på 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord ved erverv av «ubebygd» landbrukseigedom 
  • leigetakarar som ikkje eide tilgrensande areal, og som hadde ein eigedom på minst 5 dekar jordbruksareal eller 25 dekar produktiv skog kunne erverve tilleggsjord utan å søkje konsesjon og deling
  • Oppheving av vilkår om at driveplikta kan bli oppfylt med bortleige, viss leigeavtalen gjeld for minst 10 år og fører til ei «driftsmessig» god løysing.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Konsesjons- og buplikt

Bebygd eigedom med meir enn 25 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord, og/eller meir enn 100 dekar totalareal, er konsesjonspliktig etter konsesjonslova § 4 første ledd nr. 4.

Det er lovbestemt buplikt på eigedom med bustadhus med meir enn 25 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord, eller meir enn 500 dekar produktivt skog, jf. konsesjonslova § 5 andre ledd. Buplikta er personleg og inneberer at eigar må busette seg på eigedommen innan 1 år og bo der minst 5 år.