For høg pris i tre konsesjonssaker i Randaberg

Fylkesmannen gjer om vedtak der Randaberg kommune har gitt konsesjon til tre gardbrukarar for kjøp av tilleggsjord.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.06.2016

Landbrukseigedomar kan ikkje ervervast utan at det er gitt konsesjon (løyve). Konsesjonslova seier at det i vurderinga av om det skal gis konsesjon mellom anna skal leggjast vekt på om «den avtalte prisen tilgodeser en samfunnsmessig forsvarlig prisutvikling». Ein samfunnsmessig forsvarleg pris er å forstå som ein pris som bidrar til å realisere mål i landbrukspolitikken. Skal desse måla bli nådd, er det naudsynt at mellom anna prisnivået på landbrukseigedomar ikkje er høgare enn det som reflekterer verdien av eigedomen sitt driftsgrunnlag. Den som kjøper landbrukseigedom skal betale ein pris som gir moglegheiter for ein brukbar økonomi ved normal drift av eigedomen.

Randaberg kommune gav i mars i år konsesjon til tre aktive gardbrukarar som kjøpte tilleggsjord til sine gardsbruk. Etter ei konkret vurdering har Fylkesmannen i Rogaland den 20.06.2016 gjort om desse vedtaka. Dei avtalte kjøpesummane er i alle tre sakene etter Fylkesmannen sitt syn for høge ut i frå konsesjonslova sitt mål om ei samfunnsmessig forsvarleg prisutvikling på landbrukseigedomar.

Ved verdiberekning av jordbruksareal skal det takast utgangspunkt i kva jorda blir nytta til og gir av avling, og avkastningsverdi (bruksverdi) blir brukt som utgangspunkt for verdsetting av landbrukseigedomar. I ei av sakene har Fylkesmannen lagt til grunn ein noko høgare verdi då jorda blir brukt og skal brukast til grønsaksproduksjon.

For tilleggsjord kan det gis eit tillegg på inntil 50 % av avkastningsverdien. Dette må vurderast konkret i den einskilde sak i høve til kor god rasjonaliseringa er. I to av sakene har Fylkesmannen kome til at rasjonaliseringa tilseier at det berre kan gis eit tillegg på 25 %.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.