Vi gir råd til Bokn kommune

Flyfoto er tatt fra Boknaflæet, der Kårstø synes i horisonten.
Flyfoto er tatt fra Boknaflæet, der Kårstø synes i horisonten. (Foto: Fylkesmannen i Rogaland)

Bokn kommune har laga planprogram for ny samfunnsdel til kommuneplanen, som gir rammer for utvikling av kommunen fram til 2030. Vi har utfordra Bokn på ulike sektorområde, og peikar også på at framtidig kommunestruktur bør vere tema i kommuneplanen.

Planprogrammet er grundig og systematisk, og vi rår til ei klarare involvering av innbyggarar og næringsliv i det vidare arbeidet.

Kommunestruktur

Vi har i vår uttale peika på vår tilråding i 2016 til Kommunal- og Moderniseringsdepartementet i samband med kommunereforma, om utfordingar når det gjeld kvalitet og kompetanse på viktige fagfelt.

Folkehelse

På folkehelseområdet har vi særleg framheva utfordringar knyta til etablering av ny E39 gjennom kommunen.

Skule og barnehage

Vårt råd er at kommuneplanen bør innehalde mål, utfordringar, strategiar og tiltak for barnehage- og skulesektoren, i tillegg til tiltak for å hindre fråfall i vidaregåande skule.

Bustadbygging

Vi peikar på at landbruk-, natur og friluftsomsynet vektleggjast i LNF-områda, medan bustadbygging fortrinnsvis skal løysast gjennom plan og ikkje dispensasjon. Vi er i vurderinga merksame på at det kan vere busettingsomsyn i delar av kommunen.

Inviterer til dialog

Vi ser fram til ein vidare dialog om utviklinga på Bokn i den vidare planlegging

Les heile vår høyringsuttale her.