Sauda kommune bør ha ein overordna hytteplan

Kommuneplanen for Sauda har fått eit kraftig løft sidan førre revidering. Det er gjort gode grep med betre føresegner og fokus på sentrumsutvikling, men viktige intensjonar frå samfunns- og arealdelen viser ikkje igjen i arealforslaget i kommuneplankartet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.05.2019

Hushaldering av areal

Sauda kommune har arealreservar både til bustad, næring og fritidsbustadar. Det er ikkje gjort ei vurdering av behov for dei to sist nemnte. Hushaldering av areal er viktig for å avgrense behovet for utbygging av nye område, og vil også medverke til effektiv arealbruk. Det er lagt inn for store areal til både næring og hytter. Det er mellom anna lagt inn 11 nye arealforslag til fritidsbustader i planen, med eit samla arealbeslag på 5275 dekar. Det er i dag ein reserve på 642 hytter, og med nytt arealforslag blir denne reserven auka til 1721. Med betre utnytting og utforming av felta kan dette talet vere klart høgare. Fylkesmannen har ei generell motsegn til nye område for fritidsbustader og råder Sauda kommune å utarbeide ein langsiktig plan for hytteutbygging.

LNF spreidd fritidsbustad

I gjeldande kommuneplan er fleire store areal vist som LNF–spreidd fritidsbustad. Fleire av areala er tatt ut av planen då desse er mindre aktuelle for hytteutbygging. Det er også lagt inn nye areal på om lag 700 dekar, utan at det er gjort lovpålagte konkrete vurderingar knytt til omfang og lokalisering. Dette må avklarast gjennom konsekvensutgreiing i kommuneplan og sikrast i føresegner.

Vidare dialog

Me ser fram til vidare dialog, med felles mål om endeleg vedteken kommuneplan i kommunestyret. Vi ønskjer å bidra til vidare utvikling av Sauda, m.a. som ein sentral reiselivskommune i regionen.

Les heile uttalen frå Fylkesmannen her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.