Regionalplan for Jæren 2050 – byutvikling og jordvern heng saman

Revisjonen av Regionalplan Jæren blir eit av dei viktigaste planprosessane i Noreg sett ut frå omsynet til jordvern. Innanfor planområdet finn vi 550 000 dekar dyrka jord og over 10 prosent av husdyrhaldet i Noreg. Samstundes er det ein raskt voksande by- og tettstadsregion.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.02.2019

Fylkesmannen prioriterer arbeidet, og fylkesmannen Magnhild Meltveit Kleppa er med i styringsgruppa.

Regionalplan Jæren er ein langsiktig plan for areal- og transportutvikling som gir strategisk retning for korleis regionen skal vokse dei neste 30 åra, og blir slik sett også ein viktig premiss for vidare utvikling av landbruksnæringa og matproduksjonen.

Nullvekst i persontransport

Planprogrammet blei vedteke i juni 2018. Langsiktig grense for landbruk, som blei etablert i 2000, ligg fast. Eit nytt og viktig tema er Bymiljøpakken for kommunane Randaberg, Stavanger, Sandnes og Sola, med mål om nullvekst i persontransport med bil. Framtidig arealbehov til nærings- og bustadføremål er eit tema som alltid står sentralt i den regionale planlegginga, med aukande fokus på utnytting av eksisterande sentre. Arbeidet med planprogrammet dokumenterte store arealreservar av dyrka jord som er regulert eller avsett i kommuneplanar, men som framleis ikkje er bygde ut. Det viser seg også at fortettingspotensialet i eksisterande senterstruktur er større enn det som tidlegare er lagt til grunn.  

Vyar for framtida

Hausten 2018 blei det starta eit Scenarioarbeid (Perspektiv 2050) der aktørar frå ulike bransjar, forvaltingsnivå og organisasjonar deltok på ein serie verkstader. Anfinn Rosnes frå Landbruksavdelinga var Fylkesmannen sin representant i arbeidet. Føremålet med prosessen er å finne fram til korleis regionen skal sjå ut i framtida, og kva som må gjerast for å få det til.

Rogaland fylkeskomme er godt i gang med å utforme sjølve plandokumentet. Første del av planen som inneheld mål og strategiar er nå ute på høyring. Den meir operative delen, som også skal konkretisere mål redusert omdisponering av dyrka jord, blir lagt fram i 2020.

Tospann – Regional jordvernstrategi og Regionalplan Jæren

Arbeidet med Regional jordvernstrategi for Rogaland skjer parallelt med revisjon av Regionalplanen, noko som har vore strategisk viktig. Strategien har vore på høyring i 2018, medan prosessen fram til behandling i Fylkestinget tek noko lenger tid enn det som først var planen. Jordvernstrategien vil vere eit viktig grunnlagsdokument i det vidare arbeidet regionale og kommunale planprosessar, særleg for dei 11 kommunane som blir omfatta av Regionalplan for Jæren.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar