Randaberg kommune er kandidat til jordvernpris 2019

Fylkesmannen i Rogaland meiner Randaberg kommune er ein god kandidat for jordvernprisen. Dei har gjennom sitt kommuneplanforslag gjort fleire viktige grep for å styre veksten med mål om minst mogleg nedbygging av jordbruksjord.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.04.2019

Ein viktig jordbrukskommune i vekstområde

Randaberg kommune er ein liten kommune i areal, men likevel ein viktig jordbrukskommune ut i frå klimatiske forhold og jordkvalitet. Om lag 62 % av arealet i kommunen er jordbruksareal i beste klimasone. Samstundes ligg kommunen i eit vekstområde, som dei siste åra har hatt ein stor auke i folketal og er attraktiv for næringsetableringar.  I kommuneplan som har vore på høyring er det gjort fleire viktige grep for å styre veksten med mål om minst mogleg omdisponering av jord.

I kommuneplanforslaget blei langsiktig grense for landbruk flytta slik at om lag 400 dekar fulldyrka jord blir liggande på «jordbrukssida» av grensa. Vidare legg planen opp til ei styrking av sentrum og ei effektiv arealutnytting av omsyn til jordvern og samordna areal og transport. Dette har i stor grad lagt premissane for kommuneplanen. Fylkesmannen oppfattar kommunen som lojal til Regionalplan for Jæren og kommuneplanen sin. Kommunen er også deltakar i Bymiljøpakken, der nullvekstmålet i biltransport også er eit positivt bidrag for jordvernet.

Bygg ned mindre jordbruksjord

Kommunen har, sett i forhold til andre kommunar på Jæren, eit lågt tal (KOSTRA) for omdisponering av dyrka jord. Trass i å ligge i ein region med stor vekst, har årleg omdisponering dei siste åra hatt ein nedgang.

Generelt er vår oppfatning at jordvern har fått ein viktigare status dei seinare åra blant både politikarar og administrasjon i denne viktige jordbrukskommunen, og vi meiner derfor at Randaberg kommune er ein verdig kandidat til nasjonal jordvernpris.

I høgremargen finn du vårt brev til Landbruks- og matdepartementet kor vi nominerer Randaberg kommune til nasjonal jordvernpris 2019.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.