Nasjonal jordvernpris 2019 tildelt Randaberg kommune

Jordbruksareal på Grødem som nå ligg på jordbrukssida av
Jordbruksareal på Grødem som nå ligg på jordbrukssida av "langsiktig grense landbruk" i kommuneplanen. (Foto: Rune Lian / Fylkesmannen i Rogaland)

Prisen blei i dag delt ut av landbruks- og matminister Olaug Bollestad. Fylkesmannen i Rogaland nominerte Randaberg til prisen. 

Det er veldig flott at nettopp Randaberg kommune er tildelt Nasjonal jordvernpris. «Den grøne landsbyen» har gjennom den nyleg vedtatte kommuneplanen kopla jordvern og arealplanlegging saman på ein god måte, gjennom ei sentralisert utvikling for å skapa eit levande sentrum og ta vare på jordbruksareala.

Korfor nominerte Fylkesmannen Randaberg?

Det avgjerande for vår del var grepet kommunen gjorde ved å flytta langsiktig grense jordbruk slik at 400 dekar fulldyrka jord på Grødem nå ligg på jordbrukssida av grensa. Her er heile grunngjevinga vår.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad delte ut prisen til Randaberg kommune.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad delte ut prisen til Randaberg kommune. (Foto: Lone M. Solheim)

Kommunen har gjennom kommuneplanen vist at det er mogleg å verna om jordbruksjorda i eit pressområde sentralt på Nord-Jæren. Me gratulerer og ønsker kommunen lykke til i det vidare jordvernarbeidet.