Gode råd frå Riksrevisjonen om motsegner og plandispensasjonar

Riksrevisjonen har undersøkt «Innsigelsesinstituttet» som skal bidra til å sikre nasjonale og vesentlige regionale interesser i kommunal arealplanlegging. Døme på slike interesser er jordvern, strandsone, naturmangfald, folkehelse, barn og unge sine interesser, kulturminne, trafikksikkerheit og skred- og flaumfare.   

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.01.2019

Målet med undersøkinga har vore å vurdere korleis nasjonale og regionale interesser blir ivaretekne i kommunal planlegging.

Dispensasjon ei utfordring

I rapporten blir det peikt på at vilkår for å gi dispensasjon er strenge i lova, samstundes viser KOSTRA-tal at kommunane har gitt over 15 000 dispensasjonar i 2017. Det blir gitt råd om å skaffe meir kunnskap om denne praksisen.

Råd til Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD)

Ut frå dei funn som er gjort i undersøkinga, gir Riksrevisjonen blant anna følgjande råd til KMD som ansvarleg plandepartement:

  • vurdere om behandlinga av motsegner fremjar omsynet til nasjonale og vesentlege regionale interesser

  • sørge for at fylkesmennene si samordning av motsegner skjer ope og føreseieleg

  • rettleie fylkeskommunane, kommunane og motsegnsstyresmaktene for å sikre

    • at regionalt planforum fungerer etter intensjonen i plan- og bygningslova

    • ein meir lik praksis i planforum i regionane

  • gje betre styringsinformasjon om motsegner gjennom

    • tydelegare krav til fylkesmennene si rapportering

    • betre kvaliteten på KOSTRA-tal om motsegner

  • sikre betre kunnskap om kommunane sin dispensasjonspraksis

 

Her finn du rapporten.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.