Endelege tal for nedbygging av jordbruksareal i Rogaland i 2019

Endelege tal viser auka omdisponering av jordbruksareal i 2019 i forhold til tidlegare år. Det er derfor framleis naudsynt å ha fokus på jordvern i planlegginga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.07.2020

I mars i år kom førebelse KOSTRA-tal (Kommune-Stats-Rapportering) for kommunal forvaltning av landbruksareal. Tala viste ein auke i omdisponering av jordbruksareal frå tidelagere år slik vi omtala i tidlegare artikkel. KOSTRA-tala er no kvalitetssikra og endelege tal viser små avvik frå førebelse tal.

Auka omdisponering av jordbruksareal

Tala viser at det i Rogaland i 2019 blei omdisponert 584 dekar dyrka jord i 2019. Dette er ein auke frå 2017 (191 dekar) og 2018 (373) dekar. Dei tre kommunane som omdisponerte mest areal i 2019 var Karmøy (179 dekar), Sandnes (97 dekar) og Gjesdal (74 dekar).

Når ikkje jordvernmål for Rogaland

Tala for 2019 viser derfor ein negativ utviklingstrend for bevaring av jordbruksareal. I vedteken Regional Jordvernstrategi for Rogaland er det eit mål om maksimalt 400 dekar omdisponert dyrka jord i året.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.