Ber Rennesøy sjå etableringa av nye bustadområde og Green Mountain i eit større perspektiv

På veg inn i Nye Stavanger justerer Rennesøy arealdelen med utgangspunkt i ein strategisk samfunnsdel av kommuneplanen. Nokre av endringane utfordrar særleg jord- og strandsonevern.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.11.2018

Rennesøy kommune har lagt ned mykje godt arbeid i kommuneplanrulleringa, men det er behov for noko meir arbeid før endeleg vedtak.

Jordvern eller areal til datalager?

Kommunen har i arealdelen to alternativ for areal til datalagringsbedrifta Green Mountain på Gangenes, søraust for Østhusvik. Det vil gå med 210 og 350 dekar LNF-område. Jordvern er av nasjonal og regional interesse i arealplanlegginga og begge forslaga inneber nedbygging av jordbruksareal av nasjonal verdi. Det kjem ikkje fram tungtvegande argument for kvifor verksemda må plasserast her. I samband med motsegna vår etterspør vi gode alternativvurderingar og meiner at eit slikt prosjekt av dette omfanget bør vurderast i eit meir overordna regionalt perspektiv.

Kommunen har ikkje behov for nye bustadområde i denne planperioden

Rennesøy kommune har store arealreservar til bustad og har signalisert at gjeldande plan dekker behovet for bustader i kommande planperiode. Hushaldering av areal er viktig for å avgrense behovet for utbygging av nye område, og vil medverke til effektiv arealbruk. Dette er ein av grunnane til kvifor vi har motsegn til to av forslaga til nye bustadareal på Eltarvåg og Skorpefjell.

Næring er prioritert framfor fritidsbustader i strandsona

I samband med reiselivssatsinga i Østhusvik blei det avsett eit stort næringsområde på
Vågedal, som seinare blei regulert til utleigeeiningar med utleigeklausul. Området ligg delvis innanfor 100-meterssona. I retningslinene for differensiert strandsoneforvaltning står det mellom anna at areal til bustad-, sentrum- og næringsutvikling bør prioriterast framfor areal til fritidsbustader. Ei endring frå føremål næring til fritidsbustader vil føre til ei ytterlegare privatisering av strandsona, vi har derfor motsegn til forslaget.

Andre motsegner til arealforslaga

Nokre av arealforslaga er i konflikt med våre interesseområde:

  • Fritidsbusetnad på Brimse
  • Næringsareal på Vestre Åmøy
  • Veg frå Sørbø til E39
  • Akvakulturomåde på Ertensøy Reianes og forsøksdyrkning ved Reianes

Vi har og motsegn til småbåthamna på Brimse, som må vurderast nærare i forhold til statleg sikra friluftsføremål og viktige registrerte naturverdiar.

 

Vi inviterer til ein vidare dialog i arbeidet med planen.

.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.