Auka nedbygging av jordbruksareal i Rogaland i 2019

Jordburksareal på Vagle i Sandnes som i 2019 blei regulert til næring.
Jordburksareal på Vagle i Sandnes som i 2019 blei regulert til næring. (Foto: Anfinn Rosnes / Fylkesmannen i Rogaland)

Førebelse tal for 2019 viser at det i Rogaland blei omdisponert om lag 580 dekar jordbruksareal gjennom plan. Dette viser ei auke sett i høve til det vi har registrert dei siste åra, samstundes er talet lågare enn gjennomsnittet for dei siste 10 åra på om lag 900 dekar.  

Dette er ferske tal frå KOmmune-STats-RApportering (KOSTRA), eit viktig verktøy for å måle utvikling/endring i diverse parameter i offentleg forvaltning over år. Innanfor kommunal landbruksforvalting blir det blant anna rapportert på omdisponering av jordbruksareal, eigedomsforvalting og nydyrking. 

Tala nasjonalt i tråd med mål 

På nasjonalt hald viser tala for tredje år på rad at omdisponeringa er under det nasjonale jordvernmålet på 4000 dekar, talet for 2019 er 3700 dekar. Om lag 3000 dekar av dette er omdisponert i form av vedtak etter plan- og bygningslova. Det elles viktig å merka seg at det også er omdisponert over 4000 dekar dyrkbar jord. Meir informasjon kan du finne via nettsida til regjeringa. 2019 er første år med rapportering også på tilbakeføring av jordbruksareal som har vore godkjend til utbygging, talet for Noreg er her 366 dekar. Rogaland bidreg ikkje i denne statstikken for 2019. 

Vi når ikkje målet i Rogaland 

I vedteken Regional jordvernstrategi er det eit mål om maksimalt 400 dekar omdisponert dyrka jord i året. Omdisponeringa har auka frå 2018 (374 dekar) og botnåret 2017 (190 dekar). Dette viser ei negativ utvikling for jordvernet i Rogaland. Det kjem fram at kommunane Karmøy, Sandnes og Gjesdal har godkjent mest jord til byggeføremål i 2019. Vi vil her presisere at tala ikkje viser faktisk utbygd areal, men areal som inngår i vedtekne reguleringsplanar. Tala gjeld for endeleg plan, det vil seie anten områderegulringsplan utan krav til detajregulering eller ved detaljreguleringsplan. Vi har fått i oppdrag å kvalitetssikre tala, og endelege tal vil bli offentlege i juni. 

Jordvern viktigare enn nokon gang 

Vårt inntrykk er at jordvern er sett meir på dagsorden både nasjonalt og regionalt, og dette ligg også auka fokus på at Noreg i større grad bør produsere meir av maten vi har behov for sjølv. For Rogaland sin del står vi føre fleire større infrastrukturtiltak, eksempelvis ny E39, som vil utfordre jordvernet i åra som kjem. Då er det er ekstra viktig at kommunane er restriktive til omdisponering av jord der det er alternative løysingar, elles vil vi det gå mange år før vi klarar jordvernmålet vi er samde om.