Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Matfylket Rogaland byggjer ned mest matjord

Rogaland omdisponerte 2049 dekar dyrka og dyrkbar jord i 2014. Omfanget er rekordhøgt og framleis høgast av alle fylke.

Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.

Publisert 12.05.2015

Førebelse KOSTRA-tal frå Statistisk sentralbyrå viser at 1519 dekar dyrka jord og 530 dekar dyrkbar jord vart omdisponert i Rogaland i 2014, - totalt 2049 dekar. Omdisponering av dyrka jord er nær 4 gonger så høgt som neste fylket på lista, Hedmark med 467 dekar.

- Dei høge omdisponeringstala på Jæren er ei direkte følgje av vedteken Regionalplan Jæren, uttalar landbruksdirektør Hadle Nevøy. I tillegg ser vi at store areal god matjord blir omdisponerte og bygde ned ved gjennomføring av samferdsleprosjekt. Regionalplan Jæren  har på nødvendig måte fastsett langsiktig grense landbruk og kjerneområde landbruk, og desse grensene har til nå i hovudsak blitt respektert.

Tala for 2014 er langt høgare enn dei siste åra. I 2013 vart 737 dekar dyrka jord og 160 dekar dyrkbar jord omdisponert i Rogaland – totalt 897 dekar. 

Jærkommunar omdisponerer mest

Sandnes, Klepp, Stavanger, Gjesdal og Sola omdisponerte mest dyrka jord. I Sandnes blei 634 dekar dyrka jord omdisponert. I Klepp 241 dekar, Stavanger 197 dekar og i Gjesdal 120 dekar. Godkjent regulering av Vagle-området i 2014 frå landbruksnæring til anna næring utgjer mykje av det omdisponerte arealet i Sandnes.

1412 dekar av dei 1519 dekar dyrka jord for Rogaland vart omdisponert på Jæren (dei 10 kommunane i Regionalplan Jæren). Dette utgjer 93 % av omdisponeringa i fylket. 

- Kostra-tala understrekar at hushaldering, transformasjon og fortetting ved kollektivknutepunkt og kollektivaksar må prioriterast framover for å sikre nasjonale jordverninteresser og matjorda på Jæren, meiner Nevøy.

Omdisponering til samferdsle, bustad og næring har størst omfang i Rogaland: 

Næring 547
Samferdsel 250
Bustad 244
Offentleg eller privat tenesteyting 117
Grøntstruktur 306

 

Førebelse tal for heile landet er at det er omdisponert 5050 dekar dyrka jord (5620 i 2013).