Kommuneplanen i Stavanger: Fylkesmannen med framlegg til løysing

For å få til ei lokal løysing, har Fylkesmannen føreteke ei ny og samla vurdering av motsegner som ikkje er løyste.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.06.2015

Me har send eit nytt brev til Stavanger kommune. Dersom kommunen fylgjer vilkåra, er me samde lokalt om varige og tydelege rammer for både byutvikling og landbruk i Stavanger. Dermed får Stavanger avklart utbyggingsområdet på Revheim slik kommunen har foreslått, og det blir fastsett ei varig, langsiktig grense for landbruk.

Bystyret i Stavanger behandlar kommuneplanen nå i ettermiddag.

Brevet frå Fylkesmannen i Rogaland blei send Stavanger kommune i dag. Du finn det i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.