Kommunane bør legge meir vekt på jordvern ved byggesaksbehandling av landbruksbygg

Landbruksnæringa bygg sjølv ned jordbruksjord, i Rogaland stod næringa aleine for 26% av nedbygginga mellom 2004 og 2015. I mange tilfelle finst det ikkje gode alternativ til bygging på dyrka mark i samband med oppføring av driftsbygningar. Kommunane bør likevel legge større vekt på jordvern i handtering av byggesaker som gjeld oppføring av landbruksbygg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.12.2017

Styrt lokalisering av landbruksbygg gjennom pbl. §29-4

Lovverket har verktøy som kommunane kan bruke for å styre lokaliseringa av landbruksbygg. I plan- og bygningslova § 29-4, 1. ledd står det at:

«Byggverkets plassering, herunder høydeplassering, og byggverkets høyde skal godkjennes av kommunen...»

Utgangspunktet for denne lokaliseringsvurderinga er søkar sitt ønske, men kommunen kan fastsette ei anna plassering dersom relevante samfunnsinteresser tilseier det. Jordvern er eit relevant omsyn når kommunane skal vurdere og godkjenne lokalisering av landbruksbygg gjennom byggesaksbehandlinga. Dette blei slått tydeleg fast i ei prinsippavklaring frå kommunal- og moderniseringsdepartementet i fjor. I det aktuelle brevet står det mellom anna at:

«Plan- og bygningsloven § 29-4 skal ikkje bare ivareta naboens interesser, men også formål som plan- og bygningsloven elles skal ivareta...»

(...)

«Dyrka og dyrkbar jord er en grunnleggende ressurs for å sikre matforsyning på kort og lang sikt, og ivaretagelse av dette vil etter vår oppfatning klart omfattes av lovens formålsbestemmelse.»

Jordvern og regionale føringar 

Uttalen frå KMD harmonerer også godt med våre regionale føringar for LNF-områda. Regionalplanane for Jæren, Ryfylke og Haugalandet har alle retningsliner om at jordvern skal vektleggast i samband med lokalisering av driftsbygningar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.