Jordvern og utbygging i matfylket Rogaland

Stortinget har i nasjonal jordvernstrtegi stramma inn det nasjonale jordvernmålet, frå maks 6000 dekar årleg nedbygging av dyrka jord til 4000 dekar. Landbrukskonferansen 2016 ser nærare på korleis dette kan gjennomførast i Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.02.2016

I Rogaland har årleg omdisponering av dyrka jord i gjennomsnitt vore på over 1200 dekar dei siste åra. I storleik utgjer dette nær 1/3 av det nye nasjonale jordvernmålet. Det seier seg dermed sjølve at omdisponeringa må reduserast betrakteleg i Rogaland dersom målet skal bli nådd.

Over 2/3 av den årlege nedbygginga av dyrka jord i fylket skjer på Jæren. Dette skjer trass i at vi har Regionalplan for Jæren som mellom anna trekk klåre langsiktige grenser grenser mellom landbruksareal og framtidig utbyggingsareal. Samferdselstiltak har dei siste åra stått for om lag 20 % av den årlege nedbygginga, og ei rekke store samferdselsprosjekt som er under planlegging vil sterkt utfordre jordvernet.

Landbrukskonferansen 2016 set dette viktige temaet på dagsorden.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.