Hå kommune kandidat til jordvernpris

Fylkesmannen i Rogaland meiner Hå kommune er ein god kandidat for jordvernprisen. Dei har gjennom sin kommuneplan gjort fleire viktige grep for å styre veksten med mål om minst mogleg nedbygging av jordbruksjord.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.04.2017

Ein viktig jordbrukskommune i vekst

Hå kommune er desidert største husdyrkommune i Norge, der om lag halvparten av arealet i kommunen er nytta til jordbruksformål. Samstundes er kommunen ein vekstkommune, og har dei siste åra hatt ein betydeleg befolkningsauke. Vidare er kommunen attraktiv for næringsetableringar. Gjennom sin kommuneplan, vedteken i desember 2014, er det gjort fleire viktige grep for å styre veksten med mål om minst mogleg omdisponering av dyrka og dyrkbar jord. Gjennom planen blei det trekt langsiktig grense for landbruk rundt alle dei tre store «stasjonsbyane», ei grense som gjennom planprosessen blei sett relativt «stram» til fordel for jordvernet. Vidare legg planen opp til at all ny bustadbygging skal skje med høg arealutnytting i stasjonsbyane, og i Stokkalandsmarka som er eit større bustadområde på uproduktiv jord sør i kommunen. Det er lagt til grunn at det ikkje skal skje bygging av einebustader på jordbruksjord. Jordvern og samordna areal- og transportplanlegging har i stor grad lagt premissane for kommuneplanen. Fylkesmannen oppfattar kommunen som lojal til kommuneplanen sin, og dei har ein streng praksis i forhold til dispensasjonar for tiltak i jordbruksområda.

 Hå kommune har også ei klar haldning når det gjeld lokaliseringsstyring av næringsetableringar. Kviamarka næringsmiddelpark er Noregs største næringspark innan matforedling, og det er her lagt vekt på lokaliseringsstyring og effektiv arealutnytting. Det er elles lagt vekt på å lokalisere arealkrevjande verksemder utanom område med jordvernkonfliktar, t.d. i Sirevåg.

Bygger ned mindre jordbruksjord

Kommunen har, sett i forhold til andre kommunar på Jæren, dei klart lågaste tala (KOSTRA) for omdisponering av dyrka jord. Trass stor vekst har årleg gjennomsnittleg omdisponering vore 20 dekar dei siste fem åra.

Generelt er vår oppfatning at jordvern har fått ein større og viktigare status dei seinare åra blant både politikarar og administrasjon i den viktigaste jordbrukskommunen i landet, og vi meiner kommunen er ein verdig kandidat til nasjonal jordvernpris.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.