Konsekvensar i Rogaland ved heving av arealgrensa for konsesjon- og buplikt

Om lag 272 landbrukseigedommar i Rogaland vil bli unntatt konsesjonsplikt dersom arealgrensene blir heva frå 25 til 35 dekar. Vidare vil 800 fleire landbrukseigedommar vere fritatt for den lovbestemte buplikta.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.03.2016

Stortinget ønskjer nytt lovforslag

Stortinget har bedt regjeringa om å kome tilbake til Stortinget med forslag om nødvendig lovendring for å heve arealgrensa for konsesjonsplikt ved erverv av landbrukseigedommar. Det er ønskje om å heve arealgrensa frå 25 til 35 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord. Endringane gjeld for eigedommar med bustad, og som skal bli selde eller overdregne til andre eigarar. Tala i denne artikkelen er tolka ut frå at Stortinget sitt forslag ikkje inneberer endring i dagens grense for konsesjonsplikt for totalareal på over 100 dekar og at dagens grense for buplikt ved 500 dekar produktiv skog  blir beheldt.

Landbrukseigedommar med konsesjonsplikt

I Rogaland vil ei slik endring utgjere ein nedgang på om lag  3 %  i tal landbrukseigedommar med konsesjonsplikt. Endringa vil være størst i dei bynære kommunane.

Kartet viser prosentvis nedgang i tal landbrukseigedommar som vil vere konsesjonspliktig dersom arealgrensa blir endra frå 25 dekar til 35 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord.

Tabellen viser kor mange «bebygde» landbrukseigedommar som det er konsesjonsplikt på i dag, og kor mange «bebygde» landbrukseigedommar som det vil vere konsesjonsplikt på ved heving av arealgrensa til 35 dekar. (Tal henta frå Statistisk sentralbyrå)

Landbrukseigedommar med lovbestemt buplikt

Tal eigedomar med lovbestemt buplikt vil med føreslåtte endring få ein nedgang på 8 % i Rogaland.  Endringa vil være størst i øy- og distriktskommunane. I Kvitsøy og Forsand (med unntak av områda rundt Lysefjorden som ikkje har heilårs bilveg) er det likevel lovbestemt buplikt på eigedommar etter lokale forskrifter om nedsett konsesjonsgrense.

Kartet viser prosentvis nedgang i tal landbrukseigedommar som det vil vere lovbestemt buplikt på dersom arealgrensa blir endra frå 25 dekar til 35 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord.

Tabellen viser kor mange  landbrukseigedommar med bustadhus som det er buplikt på i dag, og kor mange landbrukseigedommar med bustadhus som det vil vere buplikt på ved heving av arealgrensa til 35 dekar. (Tal henta frå Statistisk sentralbyrå)

Priskontroll på skogeigedomar

Stortinget har også bedt regjeringa om å sjå på om priskontrollen på reine skogeigedommar kan opphevast. Dersom det blir vedtatt at priskontroll ikkje skal gjelde for desse eigedommane, vil det medføre at om lag 40 eigedommar i Rogaland vil vere unntatt priskontroll. Om lag halvparten av desse eigedommane ligg i Ryfylke.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Konsesjons- og buplikt

Bebygd eigedom med meir enn 25 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord, og/eller meir enn 100 dekar totalareal, er konsesjonspliktig etter konsesjonslova § 4 første ledd nr. 4.

Det er lovbestemt buplikt på eigedom med bustadhus med meir enn 25 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord, eller meir enn 500 dekar produktivt skog, jf. konsesjonslova § 5 andre ledd. Buplikta er personleg og inneberer at eigar må busette seg på eigedommen innan 1 år og bo der minst 5 år.