Det nærmar seg utkast til jordvernstrategi for Rogaland

Ressursgruppa for jordvernstrategien har hatt to møte denne hausten, 20. desember er datoen for neste møte. Då skal første utkast til strategidokument diskuterast. Det er særleg mål og tiltaksdel som er viktig, og som også er krevjande å konkretisere.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.11.2017

Rogaland troner verstingtoppen når det gjeld nedbygging av jordbruksareal

Jordvern er ei særleg utfordring i matfylket Rogaland. Eit samrøystes Fylkesutval vedtok i mai å lage eigen jordvernstrategi som ei oppfølging av den nasjonale jordvernstrategien. Planen er å ha eit ferdig framlegg til politisk behandling tidleg i 2018. Strategiarbeidet er organisert gjennom eit eige sekretariat med representantar frå Fylkesmannen og Fylkeskommunen, og det er peikt ut ei eiga ressursgruppe med representantar frå landbruksnæringa, jordvernforeining, kommunar, regionråd, næringsliv, forsking og miljøsektor. Ressursgruppa er leia av landbruksdirektør Geir Skadberg. 

Fylkesordføraren informerte om status på arbeidet på jordvernkonferanse

Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal informerte om status i arbeidet med strategien på jordvernkonferansen i Haugesund den 2. oktober, der ho framheva at ambisjonen er å etablere eit regionalt politikkdokument relativt raskt for å kunne vere eit grunnlagsdokument i komande regionale og kommunale planprosessar. 

Møte i ressursgruppa

Det har vore klar semje i ressursgruppa om at vi må redusere avgangen av jordbruksareal, og om at vi må skaffe til veie eit betre kunnskapsgrunnlag for å kunne konkretisere mål og tiltak i strategien. Kompenserande tiltak vil også vere eit sentralt tema i strategien. Neste møte i ressursgruppa er avtalt til 20. desember, der vi vil gå meir konkret inn på mål og tiltak. Strategien skal vere basert på eit oppdatert kunnskapsgrunnlag, og skal saman med gode tiltak fungere som eit verktøy alle planleggjarar bør ha tilgjengeleg på skrivebordet. 

Høyring

Det er lagt opp til høyring av endeleg utkast til strategidokument, før avsluttande politisk behandling.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar