12.000 dekar matjord bygd ned i Rogaland dei siste 10 åra

Jordvern må sterkare på dagsorden i planarbeidet. Kommunane si rapportering viser høge tal for omdisponering av dyrka jord i Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.09.2015

KOSTRA-rapporteringa viser at det i Rogaland blei omdisponert 1.519 dekar dyrka jord i 2014. Dette er ein klar auke frå dei siste åra, men lågare enn toppåra 2006 og 2009.

Rogaland har om lag 10 prosent av jordbruksarealet i Norge. Sett i forhold til nasjonale mål, bør Rogaland ikkje omdisponere meir enn 500-600 dekar årleg. Omfanget dei siste åra har i snitt vore om lag 1.200 dekar. Rogaland må derfor halvere den årlege nedbygginga av dyrka jord dersom arealbruken skal vere innafor det nasjonale jordvernmålet. Siste års tal peiker i feil retning.

Omdisponering siste 10 år

Rapporteringa om omdisponering av dyrka og dyrkbar jord i Noreg har no skjedd gjennom KOSTRA-systemet i 10 år. Statistikken viser at matfylket Rogaland i perioden 2005-2014 har bygd ned 11.735 dekar dyrka jord. Dette utgjer om lag 2.000 fotballbaner, all dyrka jord i Randaberg kommune eller nær halvparten av all dyrka jord i Sola kommune. Rogaland er det fylket som omdisponarer mest matjord til utbyggingsføremål i Noreg. Jæren står for det meste av omdisponeringa i fylket, med heile 78 prosent. Jærkommunane har stått for om lag 12 prosent av omdisponeringa i heile landet.

Jordvern må på dagsorden i planarbeidet

Regionalplan Jæren har sidan 2001 hatt langsiktig grense for landbruk og kjerneområde landbruk. Grensene har i hovudsak blitt respekterte, men i seinare tid er dei blitt utfordra i forslag til kommuneplanar, særleg i Sola kommune. Dei høge omdisponeringstala på Jæren er på mange måtar ei direkte følgje av regionalplanen, ved at store areal gjennom planen er definerte som framtidige byggeområde. KOSTRA-tala understrekar at hushaldering, transformasjon og fortetting ved kollektivknutepunkt og kollektivaksar må prioriterast framover for å sikre nasjonale jordverninteresser og matjorda på Jæren. Mange kommunar skal etter valet i gang med rullering av kommuneplanane. Det blir avgjerande at kommunane i Rogaland følgjer dette opp i sine planar, med klare strategiar for korleis omdisponering av dyrka jord kan reduserast.

I valkampen har jordvern vore eit sentralt tema i Rogaland og på Jæren. I ulike «valgomater» har ein fått spørsmål om jordvern, og temaet er løfta fram i fleire debattar, avisartiklar og tv-/radioinnslag. Merksemda rundt jordvern blir viktig i neste kommunestyreperiode, der viktig planarbeid skal gjerast, og viktige avgjersler skal takast. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.