Nydyrking i Rogaland 2005 – 2019

Nydyrking har i mange år vore eit omdiskutert tema. Dei fleste bøndene i Rogaland får på lik linje med andre bønder i landet, godkjend sine søknadar om nydyrking. Det er berre i særs få saker Fylkesmannen gjer om kommunale vedtak.  

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.07.2020

I årleg gjennomsnitt frå 2005 til 2019, blei 2 010 dekar av omsøkte 2 250 dekar godkjend nydyrka i Rogaland. Bøndene fekk godkjend 89,3 prosent av arealet dei søkte nydyrking av. Gjennomsnittet for landet i same perioden ligg på 94,2 prosent. Areal som kjem til fråtrekk frå opphavlege søknadar skuldast vurderingar etter nasjonale mål og lovpålagte føringar etter forskrift om nydyrking, vassforskrifta, naturmangfaldlova og kulturminnelova. Vedlagt ligg statistikk som viser nydyrking i Rogaland i 2005–2019.

Kommunane er førsteinstans i søknadar om nydyrking. Fylkesmannen følgjer opp statens mål og regelverk regionalt. Vi følgjer difor opp kommunane med informasjon, samlingar og dialog. Vi legg vekt på lik handsaming av søknadar om nydyrking på tvers av kommunegrenser, der miljøverdiar blir målt opp mot driftsmessige behov.

Fylkesmannen har ein to-delt rolle i nydyrkingssaker. Vi handsamar klager og skal ha melding om ulovleg nydyrking. Ved nydyrking som omfattar vesentlege miljøverdiar skal vi kunne uttale oss før kommunen avgjer søknaden.

Det er, relativt sett, særs få sakar der Fylkesmannen gjer om ein kommune sitt vedtak på nydyrking. Omgjering skjer i dei tilfella der eit vedtak i for stor grad utfordrar lovverket med forskrifter, tilsvarande plansaker etter plan- og bygningsloven. Det er å vente at omgjering får merksemd, medan fleirtalet av søknadane som med nokre justeringar blir godkjend, vanlegvis ikkje er så omstridde.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar