Fruktdyrking i område med pærebrann

For fyrste gong blei plantesjukdommen pærebrann funne i kommersiell fruktproduksjon i Noreg i sommar. Alle trea på eit nyplanta felt med eple i Strand kommune måtte fjernast etter vedtak frå Mattilsynet. I tillegg blei pærebrann funne hos to produsentar i Dalane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.09.2020

Pærebrann er ein bakteriesjukdom med ei rekke vertsplanter, og gjer stor skade i eple- og pæreproduksjonen i mange land. I Noreg blei skadegjeraren funne for fyrste gong i 1986, og har sida spreidd seg på Sørlandet og Vestlandet. Det er fyrst og fremst mispelartar, særleg bulkemispel, som har blitt smitta hos oss.

Store deler av Rogaland ligg i "pærebrannsona"

Mattilsynet brukar mykje ressursar på å fjerna mispel i områda med smitte, med ei målsetning om at pærebrann ikkje skal koma til dei store fruktområda på Vestlandet og smitta over i fruktproduksjonen. I januar i år blei den gamle pærebrannforskrift erstatta av ei ny forskrift om å forebygga, avgrensa og setja i gang tiltak mot pærebrann. Kommunane på Vestlandet og Sørlandet er sett i pærebrannsone, «bekjempingssone» eller forebyggande sone. Store delar av Rogaland ligg i «pærebrannsona» - det vil seia i område der pærebrann er så utbreidd at smitta planter normalt ikkje blir rydda. Dersom det blir funne pærebrann i fruktplantingar i desse områda, vil Mattilsynet som hovudregel ikkje gripa inn. Då er det produsenten sitt eige ansvar å bekjempa sjukdommen, og produsenten vil heller ikkje få dekka noko av tapet gjennom den offentlege erstatningsordninga.

Dialog om pærebrann og differensiert støtte til nyplantingar

I Rogaland har det dei siste åra blitt planta ein del eple i det som no definerast som «pærebrannsona». Det kan virka som om det har vore lite fokus på faren for smitte av pærebrann til fruktproduksjon – både i næringa og rådgjevingsapparatet. Situasjonen som oppstod i Rogaland i sommar, med ekstrem varme då vårplanta tre blømde seint, var spesiell. Likevel må me planlegga for at slike situasjonar kan oppstå oftare framover. Det er ikkje berre i Rogaland at fleire har starta opp med fruktproduksjon utanfor dei tradisjonelle fruktdistrikta regelverket legg opp til å beskytta mot spreiing av pærebrann.

Fylkesmannen i Rogaland ser at det er eit behov for at dyrkarane, rådgjevinga og alle som er involvert i satsinga på meir fruktproduksjon blir meir bevisste på pærebranntrusselen. I Rogaland har Fylkesmannen og Mattilsynet starta ein dialog, og Mattilsynet vil trekka inn rådgjevingsapparatet i fyrste omgang. Fylkesmannen vil ta med seg sommarens utvikling til neste møte i den regionale partnarskapen som legg føringar for bruk av investeringsmidlar, og diskutera om det skal differensierast i moglegheita for å få støtte ut frå om ein ligg i eit område med mykje pærebrannsmitte.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.