Pærebrann i Hjelmeland kommune

Funn av plantesjukdommen pærebrann i Hjelmeland sommaren 2016, har ført til restriksjonar på flytting av bikuber i kommunen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.05.2017

Sommaren 2016 vart plantesjukdommen pærebrann funne i Hjelmeland kommune. Sjukdommen skuldast ein bakterie som angrip mange ulike planteslag, blant anna epletre. Frykta er at sjukdommen skal føra til tap i fruktproduksjonen. Pærebrann er tidlegare funne i ei rekke kommunar i Rogaland, men har ikkje tidlegare vorte påvist i Hjelmeland.

Forskrift om tiltak mot pærebrann er nå endra, og Mattilsynet har sett Hjelmeland kommune på lista over kommunar i sona kor ein kjempar mot skadegjeraren.

Endringa betyr blant anna at det er forbod mot å flytta bikuber inn i, innan og ut av kommunen mellom 1. mai og 25. september. Det finnes unntak frå regelen, og Mattilsynet kan i nokre tilfelle der det ikkje er smittefare dispensera frå forbodet.

Viss det er spørsmål til dette, må Mattilsynet kontaktast.

Les meir om pærebrann på Mattilsynet sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.