Nasjonal kulturlandskapspris 2017 til bøndene på Kvitsøy

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale tildelte 1. august 2017 Den nasjonale kulturlandskapsprisen til bøndene på Kvitsøy. Dei får prisen for god skjøtsel og forvaltning av kulturlandskapet, først og fremst gjennom aktiv beite med sau på dei mange øyane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.08.2017

Det er Norsk Kulturarv som har teke initiativet til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen, og dei samarbeider med Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet for å velje ut vinnaren. Dette er tiande gang prisen blir gitt, og Kvitsøy vann i konkurranse med 10 andre kandidatar. Landbrukskontoret i Sandnes, Stavanger og Kvitsøy står bak nominasjonen, og Fylkesmannen har fremja forslaget frå Rogaland.

Bøndene på Kvitsøy fekk skryt

«Vi har bygd opp ein velferdsstat gjennom utnytting av våre naturressursar, og bøndene på Kvitsøy er eit godt eksempel» sa minister Jon Georg Dale ved utdeling av prisen. Fylkesmannen Magnhild Meltveit Kleppa peika i si helsing på at dette var ein historisk dag på Kvitsøy, og trekte særleg fram at aktivt beite er med på å sikre livsgrunnlaget for sjeldne planteslag som eksempelvis glansteppemose.

Frå utdelinga av kulturlandskapsprisen på Hummermuseet (Foto: Anfinn Rosnes)

Sauer beiter på over 40 holmar

Bøndene på Kvitsøy nyttar beiteressursane på over 40 holmar i kommunen, og vidareførar ein lang tradisjon med samarbeid om transport av beitedyr mellom holmane. Dei har også eit godt samarbeid om oppfølginga av beitedyra. Beitinga er positivt for det biologiske mangfaldet, og sikrar også mot gjengroing.

Kvitsøylam ei merkevare

Lamma frå holmane på Kvitsøy har blitt til merkevara «Kvitsøylam», og med dette blir landskapspleie auka verdiskaping. Her er naturgitte føresetnader for å bygge ei slik merkevare. Det blir også gitt ekstra tilskot gjennom regionalt miljøprogram for å motivere til pleie av dette vakre øylandskapet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.