Mykje godt for Rogaland i ny stortingsmelding om jordbruksproduksjon

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale la i dag fram ny jordbruksmelding. Her er det mykje som treff Rogaland på gode måtar.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.12.2016

Landbruksdirektør i Rogaland, Geir Skadberg deler sine synspunkt på jordbruksmeldinga. Etter å har sett statsråd Dale si framlegging av meldinga «Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon» er mi umiddelbare magekjensle at; – hm – her er det mykje som treff Rogaland på gode måtar. Det er jo slik at hysdyrfylket Rogaland er bygd på ein politikk kor flatbygdene tek hovudansvaret for kornproduksjonen. Slik vil dagens Regjering at det også skal vere i åra som kjem. Vidare er Regjeringa klar på at vi skal produsere meir mat kor vi større grad legg vekt på miljømessig bærekraft.

Dette skal også vi i Rogaland vere med på – og vi veit mykje om miljøutfordringane. Det viktigaste her er at regelverk og dei økonomiske incentiva kjem på plass. Så er det gledeleg at statsråden så klart uttalar at beite- og utmarksressursane skal få auka merksemd. Også dette er godt for rogalandsbøndene. At landbruket i større grad må produsere etter forbrukarane sine preferansar, skulle bare mangle. Og i det bilete skal det også frå Rogaland koma eit større matmangfald i åra som kjem.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.