Mjølkeprosjekt i Finnøy

Hauskjevatnet omkransa av typisk brattlendt beitelandskap på Finnøy.
Hauskjevatnet omkransa av typisk brattlendt beitelandskap på Finnøy.

Å drive mjølkebruk i øysamfunn i Boknafjorden kan by på både kjente og ukjente utfordringar. Dei siste tiåra har det vore ein nedgang i talet mjølkebruk i Finnøy kommune.

Dei vårgrøne øyane er kjende for tomatproduksjon, men dei har også vore ein solid mjølkeleverandør i mange år med over 10 millionar liter totalt. Om kommunen berre har litt over 3000 innbyggjarar er det ein viktig jordbrukskommune. Mjølkeprodusentane i Finnøy er altså ein sterk bidragsytar til sysselsettinga i kommunen, og til landbruket i Rogaland.

FFm – Finnøy Framtid Mjølk

Mjølkeprosjektet FFM – Finnøy Framtid Mjølk er utført av Ruben Eggebø i samband med eit praksisopphald hjå Fylkesmannen. Statsvitskapsstudenten har gjort ei kartlegging av situasjonen til mjølkebøndene på Finnøy, med utgangspunkt i fleire ulike landbruksrelaterte tema.

Bonden er sentral i  norsk landbruk, og det finns mykje statistikk om bruksstorleik, mjølkekvotar og landbruksareal. Kunnskap rundt tema som mjølkebøndene si investeringsvilje eller ønskjer for framtidig drift er det kanskje ikkje like mykje av. Meir presis informasjon om bøndene sin eigen situasjon, meiningar og motivasjon kan bidra til at landbrukspolitiske endringar og prosessar kan bli gjennomførte på eit endå betre grunnlag.

Arealutfordringar

Resultata frå undersøkinga kan tyde på at areal er ein utfordring også for øybasert landbruk.  Mjølkeprodusentane i Finnøy leiger i gjennomsnitt 26 % av arealet sitt. På fylkes- og landsbasis er ikkje dette eit  høgt tal, der det i bynære strøk kan nærme seg 70 %. Men heile 65 % svarar at dei er avhengige av meir jord for å realisere planar dei ønskjer å gjennomføre. Dette betyr at mange er avhengige av meir areal for å drive garden i den retninga dei ser føre seg. Det kan altså tyde på at presset på areal vil auke i åra som kjem. Det er eit tankekors at 35 % vil selje garden dersom drifta blir lagt ned, medan 42 % vil leige ut. Dei resterande 23 % vil behalde garden utan drift. Dersom utviklinga følgjer denne modellen, vil leigejordandelen sannsynlegvis auke. Det er nå kjend at det kan bli strengare krav til spreieareal, noko som vil auke kampen om areala også i Finnøy.

Fornyingsbehov, lausdriftutfordring og ønskje om å utvide

Fornyingsbehov er eit av områda undersøkinga har retta fokus på. På ein skala frå ein til fem, der fem er størst fornyingsbehov og ein er minst, ligg gjennomsnittet i Finnøy på kring 3,5. Det er derfor eit fornyingsbehov i følge bøndene sjølv. Dette kan kanskje sjåast i samanheng med at det er ein låg del av mjølkeprodusentane i øy-kommunen som har lagt om til lausdriftsfjøs. Framleis har 8 av 10 båsdrift. Samstundes viser undersøkinga at mange ønskjer å utvide og bygge nytt. Nær 60 % har eit ønskje om å utvide produksjonen. Trass eit fornyingsbehov er det altså mange som vil satse vidare på mjølk i Finnøy.

Spreidd oppfatning av utfordringar

Forskjellar på folk, bruk og lokale forhold gjer at det er mange sprikande meiningar og oppfatningar kring landbruksrelaterte spørsmål. Og utfordringar kan treffe ulike folk og bruk forskjellig. Det var derfor venta før oppstart av prosjektet at det kunne bli tidvis store sprik i svara, kanskje spesielt i spørsmål om kva slags utfordringar som er dei tyngste. Det er 5 kategoriar blant utfordringane som skil seg ut. Bøndene blei spurte om kva som var den største utfordringa for vidare drift om 15 år. «Stand på bygningar» og «Mangel på areal» var dei to største, med 20 % på kvar. 15 % meinte at for lita inntekt var den største utfordringa, medan like mange peikte på ei manglande politisk satsing på mjølk. Til slutt var det 12 % som meinte at kravet om lausdriftsfjøs var den største utfordringa for vidare drift om 15 år. Det er altså tydeleg at det er eit nyansert og samansett bilde vi har fått etter å ha samla inn denne informasjonen. Mykje tydar på at det er vanskeleg å peike på kva som er den største utfordringa for mjølkeprodusentane på Finnøy, men at det er fleire faktorar som kan påverke drifta.

Godt arbeid rundt rekruttering og avløysing på Finnøy

Gjennomsnittsalderen for mjølkeprodusentar i Finnøy er i følgje undersøkinga 50 år, og 80 % er menn. Det kan altså satsast meir på å få den yngre garde og kvinner meir inkluderte i landbruket i Finnøy. Sjølv om snittalderen er relativt høg, meiner tre fjerdedelar at dei har nokon som vil ta over drifta etter dei. Og av desse vil overraskande mange, opp mot 95 %, fortsette med mjølk.

Ein av tre mjølkeprodusentar i Finnøy kommune driv på ei øy utan fastlandssamband. Utfordringane dei opplever kan vere annleis enn dei som slepp ferje til fastlandet. Blant anna er leigejordandelen litt høgare for dei som ikkje har fastlandssamband, 37 % kontra 26 %. Samstundes er dei meir opptatt av å selje garden dersom drifta blir lagt ned, enn det dei med fastlandssamband er.

Rekruttering til landbruket, med spesielt fokus på avløysarar, var eit tema i undersøkinga. Heile 93 % av bøndene får tak i avløysarar når dei treng det. 9 av 10 er også nøgde med kompetansen på avløysarane dei har nytta seg av. Avløysarar er viktige for drifta på garden, og svært viktig  når det gjeld å sikre ei god drift under sjukdom og ferieavvikling. Dei er rett og slett viktige for arbeidsmiljøet og trivselen i landbruket. Rapporten frå undersøkinga blir offentleg i starten av juni, og blir lagt ut på denne nettsida.