Bøndene tar imot flyktningar

Nesten alle kommunane i Noreg har no sagt seg viljuge til å ta i mot flyktningar og medverke til busetting og integrering. Norskopplæringa blir særs viktig, og det blir oppmoda til at denne opplæringa i større grad må skje på arbeidsplassar og stader som vil opplevast relevante for deltakarane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.08.2016

Det har aldri nokon gang kome fleire flyktningar til Noreg enn i 2015. Nytt av året er at nesten alle kommunane i landet utan unntak har sagt at dei vil medverke til busetting og integrering av dei som har fått godkjent opphald.

Eigna arbeidsplassar og arenaer for opplæring etterspørjast

Alle våre nye innbyggjarar skal lære seg norsk gjennom det såkalla «Introduksjonsprogrammet». I den nye integreringsmeldinga blir det vidare oppmoda til at språkopplæringa i større grad må skje på arbeidsplassar og stader der opplæringa vil opplevast relevant for deltakarane.

For å få til dette trengs både eigna arbeidsplasser og andre gode arenaer for læring og kulturell utveksling. Landbruket med sine mange allsidige utøvarar, forskjellige produksjonar og tilleggsnæringar trur vi kan vere med å gjere ein innsats her.

For nokre år tilbake har vi i Rogaland hatt vellukka samarbeidstiltak mellom landbruket, sosialtenesta og flyktningkontora i kommunane som bl.a. gjekk på «Språkopplæring gjennom praktisk arbeid på gard». Både kvinner og menn deltok i desse tiltaka, og fleire fant vegen til det ordinære arbeidslivet i etterkant.

Landbruk – meir enn «berre landbruk»

Landbruk kan vere så mangt, frå tradisjonelt jord-, skog- og hagebruk til tilleggsnæringar som maskinutleie, bygdeservice, utmarksnæringar, gardsturisme, Inn på tunet mm. I tillegg kjem næringsmiddelindustrien og annan verksemd knytt til landbruket.

Fleire av flyktningane som har kome til landet vårt har bakgrunn frå landbruket i sine heimland. Når dei no skal gjennom «Introduksjonsprogrammet», kan det vere ein god ide at ein del av dette programmet og språkopplæringa blir lagt til eit eigna gardsbruk/landbruksbedrift. Dette kan i neste omgang føre til jobb innan til dømes avløysarlaga, veksthusnæringa eller landbruksindustrien. Men sjølv om målet ikkje er fast arbeid innan det tradisjonelle landbruket, vil praksis frå gardsbruk kunne gje allsidig arbeidserfaring innan mange ulike fagområde.

Inn på tunet

«Inn på tunet» (IPT) er eit paraplynamn på ulike velferdstenester frå landbruket og er blitt eit nasjonalt satsingsområde . Tenestene er rette mot alle aldersgrupper og i hovudsak knytt opp til oppvekst/opplæring-, helse/omsorg- og NAV-sektor. Inn på tunet har også eit eige kvalitetssystem og godkjenningsordning som driftast av Matmerk.

Nyleg kunne vi lese om eit tilbod om sumarskule for unge flyktningar på to Inn på tunet gardsbruk i Surnadal kommune, Møre- og Romsdal. Dette går på språktrening i kombinasjon med praktiske oppgåver på gard i eit sosialt fellesskap. Tiltaket blir finansiert med midlar frå vaksenopplæringa i kommunen. Deltakarane fortel om stor trivsel og godt utbytte. Til hausten skal dei same Inn på tunet gardane tilby etableraropplæring for innvandrarar, med delfinansiering frå Innovasjon Norge og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).

Egge geitegard i Gloppen kommune i Sogn- og Fjordane har sidan i fjor haust tatt imot ungdommar frå Skei statlige mottak for mindreårige asylsøkarar. Tiltaket er finansiert gjennom aktivitetsmidlar frå Utlendingsdirektoratet (UDI) til barn og unge. Aktivitetane i tiltaket går på stell av geiter og anna gardsarbeid, fiske og friluftsliv.

Røne omsorgsgard i Stange kommune sør for Hamar bur det 3 mindreårige flyktningar under 18 år. Det blei bygd nytt hybel- og aktivitetshus på garden i 2011 som brukast til butrening og aktivitetstilbod. Huset er definert som eit næringsbygg og har fått økonomisk støtte frå Innovasjon Norge. Drifta av tiltaket finansierast med midlar frå Bufetat og Stange kommune v/flyktningetaten. Det gamle fjøset på Rønegarden er i dag innreia til møtelokale og nyttast til fritidstilbod og ulike arrangement for andre ungdommar og brukarar i Stange. Flyktningane blir på denne måten naturleg drege med i det sosiale livet på bygda der dei bur.

Vegen vidare

Det bør vere rom for fleire slike samarbeidstiltak, men det bør setjast meir i system. Kan hende Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet (LMD) kan ta initiativ til ein utvida nasjonal satsing på dette området?

Det er mange oppgåver der det trengs arbeidskraft innan landbruket. Flyktningane kan her representere verdfull arbeidskraft og medverke til auka verdiskaping. Nokre få døme er rydding av gamle og nye stiar til fordel for det ålmenne friluftslivet, skjøtsel av utmarksressursane og kulturlandskapet til fordel for biologisk mangfald, turistnæringa, osv. Matproduksjon vil heller aldri gå av moten. Meir satsing på miljøvennleg og økologisk landbruk vil medverke til større behov for arbeidskraft.

«Inn på tunet – Rogaland» er ein nettverksorganisasjon for bønder som driv med Inn på tunet i vårt fylke, og er positive til eit utvida samarbeid når det gjeld integreringsarbeidet. Dei etterspør no meir konkretisering av behova som kommunane har, kva tilbod dei ønskjer seg og korleis dei skal finansierast.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.