Gjødselvatning er nøkkelen til eplesuksess på Ombo

Over 50 personer møtte opp til fruktsafari på Ombo for å sjå ein av dei mest innovative frukthagane i Noreg. Frukthagen var imponerande med mellom anna runde, raude og blanke eple av sorten Summerred - klare for hausting.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.09.2017

Nøkkelen til suksessen på Ombo er gjødselvatninga. Roald Voll er oppteken av at epletrea må få vatn og gjødsel når dei treng det.

Tilpassa gjødsling etter bladprøver og jordprøver

Han tek bladprøver tidleg om våren for å vite kva næringsstoff trea manglar. Vatn får dei heile tida, sjølv med ein slik sommar som vi i år har hatt. Han tek også jordprøver. Avhengig av jordtype, mikroklima, eplesort med meir vil epletrea få ulike gjødslingar. Dette nitidige arbeidet gir resultat. Sukkerinnhaldet i epla seier noko av søtleiken i epla og når dei er klare for hausting. Roald Voll målte onsdag i denne veka eit sukkerinnhald på 12,5 prosent. Dette er 1,5 prosent høgare enn det dei har for tida i Hardanger.

Gode avlingar

I den 5 år gamle eplehagen på Ombo finst det epletre av sortane Rubinstep, Elstar, Summerred og Discovery der Summerred no er hausteklar. På eit epletre med Summerred er det om lag 100 eple i storleik 65-70 mm, og dette vil gi han ei avling på nærare 5 000 kg eple pr. dekar. Det er det ikkje mange i Noreg som har.

I år har dei investert i ein hausteplattform som vil spare dei for mykje arbeid – tidsmessig og det fysiske arbeidsmiljøet. Arbeidsplattformen kostar ein del, men vil også kunne nyttast ved skjering og forming av frukttrea.

Stor interesse for fruktdyrking

Av dei frammøtte var det mange nye potensielle fruktdyrkarar som såg at her er det mogleg å få til eit levebrød av ein relativt liten gard. Har du ein gard på 30-50 dekar som kan nyttast til fruktproduksjon, så kan det gå an.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktperson