Erstatning ved avlingssvikt forårsaka av klima

Denne sommaren har det vore svært store nedbørsmengder. Fylkesmannen er førebudd på at det kan kome mange søknader om erstatning for avlingssvikt forårsaka av klima etter denne vekstsesongen. Det er mogleg å søkje om erstatning innanfor følgjande vekstgrupper; grovfôr, korn, poteter, grønsaker, frukt og bær. I tillegg kan det søkjast om erstatning for svikt i honningproduksjonen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.09.2017

Jordbruksføretak med vesentleg avlingssvikt kan søke om erstatning. Avlingssvikten må ha ei klimatisk årsak som det ikkje er mogleg å sikre seg mot. 

Vilkår for erstatning

For å få erstatning må avlingssvikten vere forårsaka av klima, og det er difor viktig å dokumentere årsakssamanheng mellom skade og klima. Søkjar skal vurdere om heile avlingssvikten skuldast klimaskade, eller om delar eller heile avlingssvikten skuldast andre forhold. Føretaket skal gje melding til kommunen om skade eller mistanke om skade på eit tidspunkt der klimaskade kan påvisast, slik at kommunen kan gjere ei synfaring.

Søknaden skal innehalde ei god framstilling av skaden og god dokumentasjon på at skaden skuldast klimatiske forhold. Skade på grunn av sjukdom, skadedyr eller ugras fell utanom erstatningsordninga. Heile eller delar av erstatninga kan bli redusert dersom føretaket ikkje har drevet på ein fagleg forsvarleg måte og gjort det som ein normalt kan forvente for å førebyggje tap. Sjølv om avlingsskade er klimabetinga, kan erstatninga bli redusert dersom arealet til dømes er dårleg drenert eller om det er mykje ugras.

For å kunne søkje erstatning må søkjar i tillegg ha rett til produksjonstilskot på skadetidspunktet.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 31. oktober. Det kan søkjast elektronisk via Altinn eller på skjema fastsett av Landbruksdirektoratet. Søknad skal sendast til kommunen. Kommunen skal gi uttale til søknaden før dei sender saka over til Fylkesmannen. Fylkesmannen gjer vedtak om erstatning.

Erstatningsutrekning

Erstatning blir bare gitt for produksjonssvikt ut over 30 prosent av gjennomsnittsproduksjonen/ venta avling. Desse 30 prosenta blir rekna som eigenrisiko.

Meir informasjon

Ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen dersom du har spørsmål om ordninga. Du finn meir informasjon om ordninga på Landbruksdirektoratet si heimeside.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.