Dale kjem til stormøte på Varhaug 30. januar

Tradisjonen tro blir det stormøte i Varhaug idrettshall med landbruks- og matministeren til stades. Dale vil snakke om den nye jordbruksmeldinga, Meld.St. nr 11(2016-2017)- Endring og utvikling.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.01.2017

Møtet på Varhaug er eit av fleire opne møte om jordbruksmeldinga. Det er venta godt oppmøte frå bøndene og resten av jordbruksnæringa. Særleg er det venta diskusjon om kvoteregionar for mjølk, avløysartilskot og tilskot til innmarksbeita i Rogaland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.