Veterinærinstituttet i Sandnes må ikkje bli svekka

I dag er det sendt felles brev til Landbruks- og matdepartementet frå Rogaland fylkeskommune, NHO Rogaland, LO Rogaland og Fylkesmannen om å ikkje svekke kompetansemiljøet ved Veterinærinstituttet i Sandnes

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.02.2019

Fellesbrevet gir klart uttrykk for kvifor dagens fagmiljø på Veterinærinstituttet i Sandnes (VI Sandnes) bør oppretthaldast minst på dagens nivå.

Rogaland er det største husdyrfylket

Ingen stader i landet blir det produsert meir mat enn i Rogaland.  Her er om lag 20 prosent av sau og storfe, og opp mot 30 prosent av svin og fjørfe, i landet. Kort avstand mellom husdyrprodusentane og kompetansemiljøet ved VI Sandnes er avgjerande viktig for å sikre dyrehelse og verdiskaping.

Dyrehelse og dyrevelferd i fokus

God dyrehelse og god dyrevelferd er viktig for dyra sjølve, for produksjon av trygg mat av god kvalitet og for økonomien i næringa. I Rogaland har aktørar i heile verdikjeda arbeidd aktivt for auka merksemd og samhandling på temaet. VI Sandnes er ein viktig aktør i dette arbeidet.

Dyrehelse er også framheva som eit sentralt punkt i ny FylkesROS for Rogaland, og i denne samanheng er også det viktige fagmiljøet i Sandnes sentralt. Eksempelvis er det å kunne få ein rask obduksjon lokalt ved sjukdomsutbrot svært viktig.

Klart råd til Departementet

Vi ber om at Landbruks- og Matdepartementet bidreg til at veterinærinstituttet si avdeling i Sandnes blir oppretthalde som i dag.

Fellesbrevet til Landbruks- og matdepartementet er vedlagt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.