Romeplanta, orsak til dyredød på beite

Mattilsynet varslar at romeplanten kan vere orsak til at fleire storfe er funne døde i beite rundt om. Sjølv om rome er nokså giftig, er planta til vanleg ikkje noko problem for beitande husdyr. Tørke dette året har ført til auka beiting på myrlendte område med mykje romeplanter.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.07.2018

Rome er ein middels høg, glatt, fleirårig plante med krypande jordstengel. Den har gule blomar med raude støvknappar. Den veks på kalkfattig grunn i grasmyrar, sigevasssmyrar og fuktheiar.

Ved større inntak kan rome kan gi alveld hjå sau. Alveld er ein sjukdom som gir sau/lam leverskade,  gjere dei særs vare for sollys og gi dei oppsvulma ansikt og øyrer. I verste fall kan dyra bli blinde og stryke med i store smerter. Kvit sau er mest råka. Hjå storfe kan større inntak av rome føre til akutt nyresvikt og død.

Akutte tiltak

  • Sett inn dyra for å beskytte dei mot sollys.
  • Syt for at sjuke dyr får god tilgang på og vatn.
  • Påføring av ei fet salve på oppsvulma område kan lindre smerter og hemme utviklinga av sekundærsjukdomar.
  • Inngjerding av område med mykje romeplantar er effektivt men krevjande tiltak.

Lenke til meir informasjon om romeplanta

https://www.plantevernleksikonet.no/l/oppslag/886/  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.