Ny vurdering av erstatningar etter pålegg om nedslakting

Fylkesmannen må vurdere fem allereie utbetalte saker på nytt. Årsaka er nye føringar frå Landbruksdirektoratet for berekning av erstatning for hus, bygningar, innreiing etter offentlege pålegg om nedslakting. Dei nye føringane kan bety større erstatning for bøndene. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.09.2020

Nye føringar frå Landbruksdirektoratet

Landbruksdirektoratet har endra rundskriv 2017/30 med kommentarar til forskrift om erstatning etter offentlege pålegg i plante- og dyreproduksjonan. Endringane blei gjort den 11. august 2020, og gjeld berekning av erstatning for hus/bygningar, innreiing mv. ved pålegg om sanering etter sjukdom. Endringane er gitt tilbakevirkande kraft. Det betyr at Fylkesmannen skal vurdere på nytt dei sakane som er behandla etter tidlegare rundskriv av 13. juli 2017.

Fylkesmannen vil på eige initiativ finne og gjennomgå sakene, men dei det gjeld må gjerne ta kontakt om dei har spørsmål. 

Ny vurdering av fem saker

I Rogaland har vi behandla fem saker etter rundskriv 2017/30. Tre av disse gjeld nedslakting etter funn av LA-MRSA, og to er knytt til funn av salmonella i svinebesetningar.

Endringane er gjort i punkt 6.3.1 og 6.3.2 i rundskrivet, som går på tiltak i hus og bygningar. Endringa gjer at Fylkesmannen kan nytte eit større skjønnsrom i vurderinga av fråtrekk for alder og slitasje. Det skal godtgjerast for godt vedlikehald, og bruksverdien skal òg takast i betraktning.

Erstatningssakene etter offentlege pålegg om nedslakting er omfattande saker. Det har lenge vore meint at føretaka må ta ein uforholdsmessig stor del av kostnaden etter pålegg om sanering. Spesielt er dette knytt til føringane om avkorting av erstatninga etter linjer avskriving på 40 år for bygg, og 20 år for innreiing. Linjer avskriving skal framleis vere retningsgivande for utmålinga av erstatning, men Fylkesmannen skal i større grad vurdere tilstanden til objektet (hus, innreiing, gjenstand m.v.). Bruksverdi er eit nytt moment som er komen inn ved utmåling av erstatning.

Fylkesmannen må i desse fem sakene vurdere på nytt om avkortingane er riktig berekna sett i lys av dei nye føringane, i all hovudsak om det er gjort for store avkortingar. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.