Mjølkekvotar i 2021

Landbruks- og matdepartementet har fastsett forholdstalet for disponibel kvote for kumjølk til 1,07. Endringa gir ein auke på ca. 20 millionar liter mjølk over grunnkvota for Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.12.2020

Landbruks- og matdepartementet har fastsett forholdstalet for disponibel kvote for kumjølk til 1,07 for kvoteåret 2021. Produksjonstaket er sett til 963 000 liter.

Årsaka til auke i forholdstalet er knytt til auke i forbruket av norske mjølkeprodukt i tillegg til fråfall av grensehandel som følgje av koronapandemien. Marknadsregulatoren TINE forventar ei stor etterspørsel av norsk kumjølk komande år, og det er behov for å byggje opp lagra av blant anna ost.

TINE anbefala difor ei auke i forholdstalet frå dagens 1,05 til 1,07 for 2021 for å sikra tilstrekkeleg tilgong på mjølk. Endringa gir ein auke på ca. 20 millionar liter mjølk over grunnkvota. Grunnkvota for Rogaland er 285 millionar liter mjølk. 

For geitemjølk blir det anbefala eit forholdstal for 2021 på 0,94, som er ei vidareføring av inneverande år.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar