Bøndene med klar tale

Statsråd Olaug Bollestad møtte bondehæren frå Jæren på Varhaug måndag kveld. Ho snakka og lytta, og fekk med seg mange gode innspel tilbake til Oslo.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.01.2019

700 – 800 bønder sat i salen da Olaug Bollestad gjekk på podiet for å fortelje om regjeringa sine val og planar for betre dyrevelferd.

Bollestad la i sitt innlegg vekt på element som landbruksnæringa i større grad må ta innover seg. Ho var innom forbrukartrendar, klimaendringar og miljøpåverking, teknologiutvikling, marknadsbalanse og forvaltaransvar. I samband med forvaltaransvaret trakk ho fram behovet for å tenke og drive meir berekraftig.

Dyrevelferd i fokus

Dyrevelferd er eit følsamt tema. Olaug Bollestad rådde bøndene til å ha større merksemd på dyrevelferd. Ho snakka om legitimitet for politikken og omdømet til næringa. Bøndene må kontinuerleg vedlikehalde kompetansen om dyrevelferd. Dyrevelferd må definerast av fagfolk og styresmakter, men storsamfunnet er òg oppteke av temaet og korleis standardane skal vere. 

- God dyrevelferd gir god dyrehelse. Fokuset må vere på friske og robuste dyr, fordi det gir reduserte kostnader og betre økonomi i det lange løp, sa Bollestad.

Ho skrytte av næringa som har teke tak etter funna frå slaktegriskampanjen, og viste til arbeidet med å gjere dyrevelferdsprogrammet operativt på eitt år!

Dei viktigaste innspela frå salen

Det var stort engasjement frå salen, og her er dei viktigaste innspela: 

  • Under debatten blei det som venta gitt tydelege meldingar frå pelsdyrnæringa om at regjeringa sine forslag om å legge ned næringa og til kompensasjonsordning måtte endrast.
  • Fleire viste til utfordringane Mattilsynet sin slaktegriskampanje har skapt i næringa. Det kom klar melding til Bollestad om at det må bli betre kommunikasjon mellom landbruksnæringa og Mattilsynet.
  • Det blei stilt spørsmål om kven som skal sette rammene for norsk husdyrproduksjon; styresmaktene på grunnlag av velfunderte faglege innspel, næringsmessige omsyn og politiske føringar eller matvarekjedene?
  • Dyrevernalliansen og Rema har i fellesskap utvikla eit eige dyrevernmerke. Kven skal ha definisjonsmakta over standardar og merkebruk?
  • Bane NOR legg alt ansvar for gjerding over på bøndene. Klar tale til Bollestad om å følgje opp Bane NOR og manglande gjerding langs jernbanen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.