Bli tryggare på dyrevelferd

Bransjen inviterer husdyrbønder til dyrevelferdsseminar laurdag 2. november under Agrovisjon. Målet er å gjere bøndene tryggare på dyrevelferd, fordi friskare dyr gir høgare kvalitet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.09.2019

Vi har henta inn tre av Noregs fremste ekspertar på dyrevelferd og dyrehelse. Desse er Randi Oppermann Moe frå NMBU Veterinærhøgskolen, og Elisiv Tolo og Harald Holm frå Animalia. I tillegg skal du få høyre Trond Vidar Berge fortelje om dyrevelferd i praksis på hans gard i Gjesdal, Andreas Våge som er psykolog og prosjektleiar i Nortura, samt eit innlegg ved Mattilsynet om regelverkstolking.

Vi håper programmet vil vekke interesse og engasjement, og vi meiner dette er eit seminar du berre må få med deg!

Seminaret blir opna av konsernsjef Terje Wester frå Fatland, møterom Vindafjorden i Stavanger Forum, laurdag 2. november kl 10.00.

Arrangementet er gratis og du treng ikkje å melde deg på.

Bransjesamarbeid

Arrangørar er Fatland, Nortura, Prima, Tine, Q-meieriet, Rogaland bondelag, Norsvin, Tyr, Rogaland Sau og geit, Rogaland veterinærforening og Fylkesmannen i Rogaland

Kontaktpersonar er:

Rolf-Gunnar Husveg    tlf 95207766     fmrorgh@fylkesmannen.no

Eli Munkeby Serigstad tlf 41418510     fmroese@fylkesmannen.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Dokument