Krevjande omstilling for mange eggprodusentar

Etter press frå nokre av matvarekjedene, må fleire eggprodusentar leggje om frå miljøbur til frittgåande system. Sjølv om dette blir kostbart for dei bøndene som skifter ut dagens miljøbur, vil det ikkje bli gitt statlege tilskott over Innovasjon Norge Rogaland til denne omstillinga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.07.2017

På møte i juni diskuterte den regionale partnarskapen problemstillinga. Partnarskapen har stor forståing for den krevjande situasjonen mange eggprodusentar no har kome i. Dei statlege landbruksretta midlane som blir løyvd av Innovasjon Norge Rogaland er knappe. Det er stort behov for investeringsmidlar i Rogaland, og vi er også godt stilt i fylket ved at bøndene viser stor investeringsvilje. Sjølv om Rogaland har 20 – 30 % av husdyrproduksjonane i landet, får fylket berre 8 % av dei statlege investeringsmidlane. På denne bakgrunn må bruken av midlane prioriterast, og i mange år har det vore klare prioriteringar på at det ikkje skal gis investeringstilskot til kraftfôrbaserte produksjonar. Slik er det også i dag. Partnarskapen konstaterer også at Nortura er inne med omstillingsstøtte.

Sjå også vårt nettoppslag 6. april 2017.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.