79 personar vil selje kumjølk-kvota i Rogaland

Avsett oppkjøpsmengde av mjølkekvotar i Rogaland er no fylt opp.
Avsett oppkjøpsmengde av mjølkekvotar i Rogaland er no fylt opp. (Foto: Eli Munkeby Serigstad / Fylkesmannen i Rogaland)

Staten skal kjøpe i overkant av 7 millionar liter mjølkekvote i Rogaland. 79 personar har meldt interesse for sal, og avsett oppkjøpsmengde er no fylt opp.

Noreg må avvikle eksportsubsidiane innan 2021. For å redusere mjølkeproduksjonen blei Staten og Norges Bondelag oktober 2019 samde om ei oppkjøpsordning av 40 millionar liter mjølkekvote i Noreg. Mengd kvote for oppkjøp blei fordelt på produksjonsregion, og interesserte måtte melde ifrå til Landbruksdirektoratet. I Rogaland er det 7 139 073 liter mjølkekvote til oppkjøp.

Kommunevis fordeling

Landbruksdirektoratet har laga oversikt over påmeldingar og oppkjøpsmengde fordelt på region og kommunar per 27. februar 2020. I Rogaland er det meldt inn størst volum i Hå, Vindafjord og Sandnes. I kommunane Haugesund, Kvitsøy, Bokn, Gjesdal og Lund er det ingen som har meldt interesse for å selje.  

Kommune

Tal føretak

(2019)

Disponibel kvote

(2019)

Mottatte påmeldingar

(2020)

Påmeldt mengde (liter) Påmeldt i prosent av disponibel kvote
Eigersund 34 6 044 433 1 36 211 0,6%
Stavanger inkl Rennesøy og Finnøy 11+26+53=90 20 384 058 8 787 772 3,9%
Sandnes* 87+13 (heile Forsand) 26 430 859 10 864 415 3,3%
Sokndal 8 805 480 3 125 912 15,6%
Bjerkreim 88 16 586 336 4 280 614 1,7%
212 65 090 305 9 1 142 904 1,8%
Klepp 115 34 199 848 1 190 000 0,6%
Time 105 32 245 055 7 762 060 2,4%
Sola 33 11 157 918 3 320 447 2,9%
Randaberg 20 4 369 217 4 345 060 7,9%
Strand** 21 4 911 019 2 173 283 3,5%
Hjelmeland 33 6 535 127 2 129 097 2,0%
Suldal 40 5 190 860 5 326 049 6,3%
Sauda 2 269 111 1 124 570 43,6
Tysvær 55 7 820 334 5 416 013 5,3%
Karmøy 23 4 434 363 1 80 123 1,8%
Vindafjord 109 20 299 375 13 1 127 806 5,6%
Lund 21 3 891 681      
Gjesdal 49 11 592 223      
Kvitsøy 3 747 216      
Bokn 7 1 178 997      
Haugesund 4 320 573      
Rogaland 1172 284 504 388 79 7 232 336 2,5%

* Statistikken for Sandnes inkluderer heile tidlegare Forsand kommune. **Mjølkekvotar i tidlegare Forsand kommune som no er i Strand kommune er ikkje tatt med.