Husdyr

Husdyrproduksjonen er den viktigaste produksjonen målt i verdiskaping og sysselsetjing i norsk landbruk. I Noreg er det meir enn 800 000 storfe, over èin million sauer, over 1,5 millionar slaktegrisar, over 4 millionar høner og meir enn 62 millionar kyllingar. Vi har også andre husdyr som hjort, lama, geit, kanin, mink, rev, and, gjess og kalkunar.

Husdyrproduksjonen kan delast inn i to hovudformer:

  • Grovfôrbaserte produksjonar, som mjølkeproduksjon (ku og geit) og kjøtproduksjon (ku, sau og geit), utnyttar i hovudsak lokale arealressursar til matproduksjon og bidreg til å oppretthalde kulturlandskapet gjennom beiting og slått. 
  • Kraftfôrkrevjande produksjonar, som svine- og fjørfeproduksjon.

Husdyrkonsesjon

Husdyrkonsesjonsordninga regulerer det kraftfôrbaserte husdyrhaldet og omfattar all svine- og fjørfeproduksjon. Husdyrkonsesjon skal leggje til rette for at svine- og fjørfeproduksjonen blir spreidd på flest mogleg gardsbruk, og set grenser for kor stor produksjon av svin og fjørfe eit gardsbruk kan ha. Bønder som ønskjer å produsere meir, må søkje om konsesjon for å auke produksjonen.

Bruk skjemaet til høgre når du skal søkje om husdyrkonsesjon, og send søknaden til kommunen. Kommunen innstiller og sender saka vidare til Fylkesmannen, som behandlar og avgjer søknaden. Landbruksdirektoratet er klageinstans, men klagen skal likevel sendast til Fylkesmannen.

Erstatningsordningar og tilskot

Fylkesmannen har ansvar for erstatningsordningar i husdyrproduksjonen, tilskot til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak og erstatning for tap av husdyr og tamrein til rovvilt .

Kommunane behandlar søknader om tilskot, gjennomfører stikkprøvekontrollar ved gardsbruk og rettleiar bønder. Fylkesmannen er koordinator og rådgjevar overfor kommunane. Landbruksdirektoratet har ansvar for hovudutbetalingane til bøndene.

Mattilsynet har ansvar for dyrehelse og næringsmiddelkontroll. Landbruksdirektoratet har ansvaret for kvoteordninga for mjølk.

Vis meir


10.10.2018

Sluttmarkering av mjølkeprosjektet på Finnøy på live-podcast

Det blir live-sending frå bondepub på Finnøy fredag 19. oktober kl 19 på Landahuset, som ei sluttmarkering av mjølkeprosjektet Finnøy Framtid Mjølk. Det blir spanande å høyre om prosjektet har resultert i konkrete satsingar. Alle er velkomne til å delta.


28.08.2018

Frå industri til byråkrati

Rolf Gunnar Husveg, som kjem frå stillinga som svinerådgjevar ved Fatland AS, har starta opp i husdyrstillinga hos Fylkesmannen i Rogaland.


16.08.2018

Prioritering av mindre mjølkefjøs gir resultat!

I vårt oppdragsbrev til Innovasjon Norge i februar blir det særleg framheva at mjølkebruk med 15-30 kyr skal ha prioritet. Vi kan nå sjå at dette gir resultat.


18.07.2018

Romeplanta, orsak til dyredød på beite

Mattilsynet varslar at romeplanten kan vere orsak til at fleire storfe er funne døde i beite rundt om. Sjølv om rome er nokså giftig, er planta til vanleg ikkje noko problem for beitande husdyr. Tørke dette året har ført til auka beiting på myrlendte område med mykje romeplanter.


10.07.2018

Hesten som ressurs – ny nasjonal rettleiar

Hestehald er blitt mykje populært, og tal hestar i Noreg er no ca. 91.000. Verdiskapinga i hestenæringa samla sett er stipulert 7,4 milliardar kroner. Landbruks- og matdepartementet (LMD) har utarbeidd ein nasjonal rettleiar «Hesten som ressurs» for å profesjonalisere næringa.


29.06.2018

Bøndene får større ansvar for dyrehelsa

Ny dyrehelseforskrift trer i kraft 1. juli og den inneheld nye krav ved flytting av dyr og til smittevern.


25.05.2018

Fagdagar om dyrehelse og beite

Det er dagsaktuelle tema som blir teke opp på desse fire fagdagane som blir arrangert av Norsk landbruksrådgiving, Rogaland sau og geit og TYR Rogaland i løpet av mai. Meld deg på!


08.05.2018

Smittevern blir løfta til nye høgder

I løpet av det siste året er arbeidet med smittevern blitt intensivert i husdyrnæringa i Rogaland, og resultata lar ikkje vente på seg.


20.04.2018

Næringsmiddelindustrien i Rogaland tar grep om dyrevelferd

«Me står saman om felles utfordringar» er ordlyden frå bransjen etter møtet med Fylkesmannen i Rogaland og Mattilsynet.


16.04.2018

Sau- og lammekjøt produserast på beite

Lamminga er i full gang, og dei første søyene med lam er ute på beite. Dette blir ofte omtala som «vårens vakreste eventyr».


Fleire nyhende