Biogass - godt eksempel på sirkulærøkonomi!

Miljødirektoratet har greia ut potensialet for biogass i Noreg, og korleis politiske verkemiddel kan gi auka produksjon og bruk fram mot 2030. Rapporten er ein av fleire rapportar om satsing på biogass. Også her er målet om 30 prosent husdyrgjødsel gjennom biogassanlegg framheva.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.03.2020

Rapporten analyserer potensialet for auka bruk og produksjon av biogass i Noreg, og det blir drøfta moglege verkemidlar for å realisere potensialet. Rapporten er skriven på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. Det er vist til rapporten frå Landbruksdirektoratet frå februar 2020. Regjeringa skal i 2020 legge fram ein handlingsplan for biogass, og rapportane er eit ledd dette arbeidet.

Potensiale for 2600 GWh frå biogass

Av rapporten kjem det fram at Noreg kan lage og bruke mykje meir biogass, noko som vil gi stort kutt i klimagassutsleppa. Biogass er eit godt eksempel på sirkulær økonomi. I rapporten er det opplyst at det 2018 blei produsert og brukt om lag 500 GWh (gigawattimer) biogass i Noreg. Det kan vere mogleg å auke produksjonen til heile 2600 GWh i 2030, ved bruk av blant anna matavfall, husdyrgjødsel og avfall frå oppdrettsnæringa. Og det blir peika på at potensialet for bruk av biogass er truleg enda større enn potensialet for produksjon.

– Det for sjeldan lønsamt for næringslivet å velje biogass, så det trengst nye verkemidlar om bruk og produksjon skal auke, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Husdyrgjødsel til biogass gir ekstra utbytte

Rapporten framhevar at husdyrgjødsel er det einaste av dei analyserte råstoffa som har eit potensiale for utslippsreduksjon ved sjølve produksjonen, og som samstundes også har eit betydeleg potensial for auka utnytting. Det same gjelder for råstoff frå fiskeindustrien. For husdyrgjødsel kan vi i tillegg få ei betre utnytting som gjødsel, særleg viktig er her betre kontroll og bruk av råstoffet fosfor. Bruk av biorest er regulert gjennom krav i gjødselvareforskrifta, som er under revisjon. Vi må legge til grunn at ny forskrift motiverer for bruk av husdyrgjødsel gjennom biogassanlegg.

Nye verkemiddel

Det blir framheva at det må til nye verkemiddel for å få auka vekst i biogass mot 2030. Rammevilkåra må bli meir føreseielege og biogassen må gjerast meir konkurransedyktig mot fossil energi. Husdyrgjødsel og fleire andre råstoff som i liten grad blir brukt til biogass i dag har høge produksjonskostnader. Vekst i bruken vil truleg avhenge av nye verkemidlar. Dette kjem tydeleg fram av rapporten. I rapporten er ulike verkemiddel som kan stimulere til auka bruk av biogass i skipsfart, industri og oppvarming drøfta. For vegtransport kan meirkostnadane reduserast ved å innføre bruksfordelar for biogass, for eksempel reduserte bompengesatsar. Andre moglege tiltak som er drøfta er lovkrav om at organisk gjødsel må leverast til anlegg med energiutnytting og gjenvinning av næringsstoff. Krav om innblanding av sekundært fosfor i mineralgjødsel er også nemnt som et mogleg tiltak

Infrastruktur på plass i Rogaland

Det blir peika på det er viktig å etablere infrastruktur for transport av biogassen, for å nå fram dei dei aktuelle brukargrupper. Her er nok Rogaland i beste klasse, med god infrastruktur ferdig etablert i store deler av fylket. Kombinert med store mengder husdyrgjødsel innan korte avstandar bør dette gi oss eit stort fortinn, nå er tida for realisering!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.